Her er heile innlegget som sto på trykk i  Sunnmørsposten 26. januar:

Nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll.Sunnmørsposten tar ein Listhaug

Nei, vi er ikkje komne over Sylvi Listhaug heilt enno. Når Sunnmørsposten viser fram kor godt det går i landbruket, heilt utan kritisk blikk, minner det om PR-rådgjevaren sine gamle triks. Bondelaget blir tilgodesett den lite populære rolla som grinebitar og svartmålar, og tildelt replikken ’Men det var ikkje så bra heller’.

Vel, som tillitsvald i Bondelaget får eg vel takke ja til rolla, og leve i håpet om at om eg gjer den godt, vil det ein dag stå klar ei rolle der også eg er helten i forteljinga. Å ja, eg ser det for meg no: Ho som på tretten kubåsar produserer verdas beste mjølk i tett samarbeid med verdas friskaste kyr. Dei får gå ute fem månader i året og får eit godt ly inne gjennom den litt trasige vinteren. Turistane vinkar begeistra til henne og kyrne på veg forbi i kulturlandskapet, eller kanskje dei til og med stopper for fotografering. Og nabolaget tykkjer det er så triveleg med aktivitet i tuna og folk heime på dagtid. Nei uff, -tilbake til klagerolla mi.

For å gjere det heilt klart: Bondelaget heier sjølvsagt på Lillestøl og andre som bygger i landbruket. De gjer eit modig val om å bidra i framtida sin matproduksjon. Det er imidlertid også på sin plass med nokre tankekors ved utviklinga og politikken, samfunnskonsekvensar som også Sunnmørsposten og deira lesarar burde uroe seg for.

I og med at vi har ein marknad for landbruksprodukt som stort sett avgrensar seg til vår eige land, vil større fjøs gjere at det blir stadig færre gardsbruk og bønder. Vi mister noko når vi får færre bønder. Busettinga og landbruksmiljøet i bygda blir svekka. Det viser seg også at dei bøndene som blir att ikkje slår alt arealet, og areal i drift er på veg nedover. Norske grovforareal blir erstatta med importerte forråvarer. Sjølvforsyningsgraden i Norge, det vil seie kor stor del av maten vi et som vi sjølve produserer, er no nede i 38 %. Det burde bekymre mange, og ikkje først og fremst bonden. Jordbruksarealet i Norge er redusert med 6,7 % frå 2005 til 2015, og Vestlandet og Troms leier an i den negative utviklinga. Dette er ikkje i tråd med dei politiske måla, og det er grunn til å minne om at bare 3 % av arealet i Norge er dyrka og dyrkbart. Det er lett å skjønne at arealet som først går ut av drift ofte er av det visuelt interessante slaget og av det mest verdifulle for biologisk mangfald. Og for å understreke betydninga av det siste: om lag ein tredjedel av artane på den norske raudlista er knytt til jordbruket sitt kulturlandskap.

Det er også ein stor økonomisk risiko den tar som bygger seg eit fjøs til 10 millionar. Dessverre er det slik at inntektene slett ikkje står i stil med risikoen, og nokon kapitalavkastning er det vel neppe nokon bonde som hittil har berekna seg. Eg har nyss lese ein bygningsplanleggar sitert om lag slik: ’Ingen bonde har så langt spurt om lønna, bare om ’går det rundt?’ Idealisme er vel og bra, men ikkje nok. Eit mykje meir kapitalintensivt landbruk som vi no ser vil sjølvsagt vere svært sårbart for rentendringar og også svært avhengig av at prisane på varane som blir selde held seg oppe. Der har sittande regjering hittil vist skremmande lite engasjement for tollvernet som gjer at vi ikkje må konkurrere med verdsmarknadsprisane.

Bondelaget arbeider for å auke matproduksjonen på ein berekraftig måte. Det krev at vi held alt areal i hevd, og da må vi behalde både små og store. Takk til Sunnmørsposten for engasjement kring framtida i landbruket her i Nordvest. Her er mange utfordringar, men eg kan garantere at bare det er lønnsemd blir det utvikling!

Gunnhild M. Overvoll, Nestleiar, Møre og Romsdal bondelag

 

Her er omtalen i Sunnmørsposten 20. januar - klikk her:

 

Les også leiar om saka i Sunnmørsposten 21. januar - klikk her