Fylkesstyret ble oppdatert på rovviltpolitikken. Foran f.v.: nestleiar Anne Katrine Jensen, fylkesleiar Inge Martin Karlsvik, nestleiar i rovviltnemnda i region 6, Toril Melheim Strand og organisasjonssjef Arnar Lyche. Bak fra venstre: styremedlem Odd Helge Gangstad, nestleiar i Bygdeungdomslaget Robert Lervik, styremedlem Gunnhild Overvoll, styremedlem Arne Rekkedal, førstekonsulent Atle Frantzen og vara Trond Malmedal (Foto: Arild Erlien).- Rovviltforliket krev endå større fokus på samhandling og samarbeid mellom dei ulike aktørane i forvaltninga, sa Toril Melheim Strand.

Gjennom innleiing, orientering og samtale med fylkesstyret vart det ei god og nyttig oppdatering på eit tema som er komplisert å sette seg inn i, og som er omfatta av mange konfliktar og konfliktområder. I drøftingane vart det særleg lagt vekt på kva som er aktuelt i Møre og Romsdal, om korleis arbeidet i rovviltnemnda fungerer og kva som er den politiske situasjonen.

Rovviltnemndas oppgåver

Rovviltnemnda i region seks består av medlemmer frå fylka Nord-Trøndelag (2), Sør-Trøndelag (1) og Møre og Romsdal (1), samt to representantar frå Sametinget. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag er sekretariat for nemnda. Toril Melheim Strand (Ap) er politisk oppnemnt og einaste frå Møre og Romsdal i nemnda.

Rovviltnemnda skal som ein av sine hovudoppgåver utarbeide ein forvaltningsplan som er eit verkemeiddel for å nå fastsette bestandsmål samtidig som ein sikrar forutsigbarheit for berørte partar, herunder landbruk, reindrift og utmarksbaserte næringar. Forvaltningsplanen bygger på nasjonale målsettingar for dei enkelte rovviltartar i regionen, inneheld konkrete retningsliner for den geografiske arealdifferensieringa for regionen, og er nemnda sitt grunnlag til å vurdere bruk av mellom anna forebyggande og konfliktdempande tiltak.

Andre oppgåver som nemnda har er fastsetting av kvoter for lisensfelling av jerv og kvotejakt på gaupe, samt betingande skadefellingsløyver på gaupe, jerv og ulv. Enkelte år vedtek nemnda også lisensfelling av ulv. Forvaltningsplanen blir revidert ca kvart 3.år. Vi er no i overgangen mellom gamal og ny forvaltningsplan, etter rullering i rovviltnemnda i november.

Styringsdokumenta

Nestleiar i rovviltnemnda i region 6, Toril Melheim Strand frå Nesset (Foto: Arild Erlien)Toril Melheim Strand sa dette om styringsdokumenta for forvaltning av dei store rovdyra.

- I Stortingsmelding nr. 15 (2003-2004) Rovvilt i norsk natur og Inst.S.nr. 174, legg Regjeringa opp til ein rovviltpolitikk som skal sikre berekraftige rovviltbestandar, fortsatt aktiv og allsidig bruk av utmarksressursane og opprettholding av levende lokalsamfunn. Vidare har vi forskrift om forvaltning av rovvilt fastsatt ved Kgl res 18.03.05 med hjemmel i viltlova, og vi har rovviltforliket juni 2011.

- Stortinget har gjeve oss i region 6 ansvar for 12 årlege ynglingar av gaupe, 10 årlege ynglingar av jerv, 3 årlege ynglingar av bjørn, 0 ynglingar av ulv – men streifande ulv og kongeørn på same nivå som i 2004, men det har Fylkesmannen ansvar for.

Dei vesentlege endringane som er gjort i revideringa av forvaltningsplan frå 30. mai 2011 er m.a. at Trollheimen vart teken ut av område med mål om yngling av jerv, som har vore ei kampsak for Bondelaget i Møre og Romsdal i mange år! Grunngjevinga for dette var sør-samisk tamreindrift, prioritert beiteområde for sau og resten av yngleområdet er stort nok til å huse 3 årlege ynglingar i Møre og Romsdal. Vidare vart Fosen-halvøya teken ut som området med mål om yngling av gaupe og prioritert som beite.

Ho orienterte vidare om forvaltningsplana og byrdefordeling som strategi. Det står at ”Forvaltningsplanen skal legge til grunn at det skjer en byrdefordeling mellom områder. Områder med et særlig ansvar for rovviltstammen for en rovviltart skal avlastes for problemer med de andre rovviltartene så langt det lar seg gjøre.”

Det ein ønskjer å oppnå med forvaltningsplan for region seks og forvaltninga av rovvilt er større forutsigbarheit, raske uttak av skadedyr, lågare konfliktnivå gjennom meir aktive næringstilpassingar, betre dyrevelferd for beitedyr gjennom arealdifferensiering og arbeid med tilpassing av t.d. avlastningsbeite, og målretta verkemiddel.

Rovviltforliket

Tredje rullering av forvaltningsplana er no gjennomført etter at nye moment m.a. frå rovviltforliket og landbruksmeldinga har kome.

-  I rovviltforliket er mykje som før, men også noko nytt. Det blir lagt opp til økonomisk kompensasjon til kommunale skadefellingslag frå dag ein, kvotejakt og lisensfelling er hovudverkemiddel, vidare uttak av resterande lisensfellingskvoter, ekstraordinære uttak av jerv fortrinnsvis i lisensfellingsperioden, og evaluering av den regionale forvaltninga og dei regionale bestandsmåla innan fem år, sa Toril Melheim Strand.

Med rovviltforliket vart lisensfellingsperioden på bjørn utvida til å starte fra 21. august. Bestandsmålet skal reduserast frå 15 til 13 årlige ynglingar. Målsettinga er å få ned tapstala. Soneinndelinga må forvaltast tydeleg. Det skal ikkje vere rovdyr som representerer eit skadepotensiale i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein.

Nestleiar i rovviltnemnda i region 6, Toril Melheim Strand, presenterte for bondelagsstyret fleire statistikkar om temaet, m.a. antal sau og lam på utmarksbeite, ynglingar av jerv, døde gauper i perioden 2005-2012, dokumenterte kadaver drepne av gaupe 2005-2012.

Utfordringar

Toril Melheim Strand peika på mange utfordringar i tida framover:

- Vi må ha effektiv lisensfelling, og her må vi ha eit godt samarbeid med Jeger og fisk. Vidare effektiv skadefelling og skadeførebyggjande tiltak som ”bjørn på vårsnø”. Vi treng forskriftsendring, t.d. elektronisk overvaking av jervebås. Vi må også få meir myndigheit til rovviltnemndene som i dag har alt for fragmentert og uoversiktleg forvaltning, tiltak for å redusere jervestammen, og betre dokumentasjon, sa Melheim Strand og nemnte at det vert gjeve 10.000 kroner for opplysningar som fører til påvising av ny jerveyngling.

Kunstig konflikt!

Ho følte at det til tider kan vere ein kunstig konflikt:

- Bønder, reineigarar og naturvernarar burde vere gode venner. Har dei ikkje same mål, som frisk, rein og grøderik jord? Vi er alle oppteken av matvaresikkerheit, biologisk mangfald og kompetanse til matproduksjon. Kva er alternativet til norsk landbruk og busetting på landsbygda? Er det bra for kloden at dei fleste bur i byen? I verdssamanheng er landsbygda vårt fortrinn – det unike, sa Toril Melheim Strand, og la vekt på samarbeid og dokumentasjon. - Rovviltforliket krev endå større fokus på samhandling og samarbeid mellom dei ulike aktørane i forvaltninga.

Fylkesstyret ble oppdatert på rovviltpolitikken. Foran f.v.: nestleiar Anne Katrine Jensen, fylkesleiar Inge Martin Karlsvik, nestleiar i rovviltnemnda i region 6, Toril Melheim Strand og organisasjonssjef Arnar Lyche. Bak fra venstre: styremedlem Odd Helge Gangstad, nestleiar i Bygdeungdomslaget Robert Lervik, styremedlem Gunnhild Overvoll, styremedlem Arne Rekkedal, førstekonsulent Atle Frantzen og vara Trond Malmedal (Foto: Arild Erlien).