Nestleiar Gunnhild Overvoll med eit engasjert innlegg om raudt kjøtt og klima på bondetinget.Det sa nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll, Stranda, i generaldebatten på årsmøtet i Norges Bondelag på Lillehammer 6. og 7. juni. Ho heldt eit engasjert innlegg om raudt kjøt og klima på bondetinget. Ho meiner drøvtyggarane får ufortent mykje negativ oppmerksomheit i klimadebatten.

- Det ser dessverre ut til at landbruket, med Bondelaget i spissen, aksepterer premisset om at drøvtyggarar er klimaverstingar. Eg er ærleg og oppriktig bekymra for klimaet og sterk tilhengar til at vi skal handle for å få stoppa temperaturauken snarast. Men eg vil påpeike to feil vi i Bondelaget må sørge for å få retta opp slik at det kan bli gjort betre grep for klimaet, sa Gunnhild Overvoll.

Den eine er at det husdyrbaserte landbruket blir tillagt uforhaldsmessig stor skuld for utsleppet av klimagassar. I verste fall tar dette fokus slik at andre naudsynte grep ikkje blir gjort, til dømes i transport, og i olje og gass. Kanskje vi kan flyge som før viss vi innfører kjøttfri måndag?

- Det nasjonale klimarekneskapet bygger på ein mangelfull statistikk som slår veldig feil ut for drøvtyggaren. Modellane gjer drøvtygginga til det store klimaproblemet i landbruket. Dei positive effektane med karbonbinding i eng og beite og viktigheita av utnyttinga av nitrogenet er får for lita vekt. Kretsløp og god ressursutnytting er gløymt til fordel for reduserte brutto klimagassutslepp.

Gunnhild Overvoll sa at ein geit- sau eller storfebonde som får klimaråd på garden vil oppnå framgang i klimaarbeidet ved å auke avdråtten, auke kraftforandelen, kutte beitebruken og særleg utmarksbeite. Og aller mest ved å kutte ut heile kua. - Dette strir mot sunn fornuft og mot Stortinget sine mål i landbrukspolitikken.

- Vi må, ikkje minst av omsyn til klimaet, få utarbeidd modellar som er nærare verkelegheita, slik at vi får gjort tiltak som fungerer. Møre og Romsdal bondelag har teke initiativ mot forskingsrådet sitt program for utvikling av nye kunnskapsplattformar for klimapolitiske verkemiddel. Vi ber om at Norges Bondelag i langt større grad er ein pådrivar for meir korrekte klimamodellar for landbruket, sa ho.

Aktive utsendingar

Utsendingane frå Møre og Romsdal Bondelag deltok aktivt i generaldebatten, både med innlegg og med replikkar.

Vegard Smenes til talarstolenVegard Smenes, Averøy, tok opp ut utfordringar med pris på kvotekjøp og leige, og gav uttrykk for bekymringer rundt utviklinga av prisar på kjøp og leie av mjølkekvoter. Han meiner mjølkebønder betaler alt for mykje pengar til dei som har gått ut av næringa.

Han viste til dagens mjølkekvoteordning. Pris på kjøp av kvote har auka kraftig etter endring av kvotetak i 2014. Den same trenden ser vi for leigeprisar.

– Eg meiner at vi må auke statens andel ved sal av kvote til 50/50, spesielt med tanke på marknadssituasjonen for mjølk i åra framover. Utleigemoglegheit for kvote bør begrensast sterkt, slik at ein stimulere til at bonden som produserer mjølka også eig kvota. I tillegg for å dempe presset og for å få med dei mindre bruka inn i framtida ønsker eg eit midlertidig kvotetak på 550 tonn og pause i auke av kvoter for bruk over dette fram mot 2021, sa Vegard Smenes.

Marte Halvorsen, Halsa, tok opp hjorteproblemtikken. Ho påpeika ubalanse i hjortestammen. Forvaltninga fungerer ikkje. Kostnaden må ligge på dei som hauster hjorteviltet, og ikkje på gardbrukaren.

Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen, Surnadal, fokuserte på rovdyrproblematikken. Han utfordra landbruksminister Jon Georg Dale på å støtte beitenæringa etter Klima- og Miljødepartementet sitt forsøk på å overstyre rovviltnemnda i Midt-Norge og endre ny forvaltningsplan.

Fylkesleiar Oddevar Mikkelsen på talarstolen

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale frå Volda gjesta årsmøtet i Norges Bondelag.