Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen seier Møre og Romsdal Bondelag no håpar at Stortinget i si behandling av meldinga legg vekt på regjeringas gode argument for å oppretthalde næringa med visse innstrammingar.Han viser til at statsråden ved framlegginga la vekt på at pelsdyrhald er ei viktig næring i mange fylke. Den er og viktig som tilleggsnæring for anna landbruksdrift og er samfunnsnyttig ved at den sysselset mange menneske både i næringa sjølv og i tilknytta næringar. Ikkje minst bruk av slakteavfall frå husdyrhald og fiskeri.

Oddvar Mikkelsen trekker fram at statsråd Jon Georg Dale legg vekt på at hald av dyra i bur i seg sjølv ikkje er godt nok grunnlag for å forby næringa, og peikar vidare på at eit forbod i Norge berre vil flytte produksjonen til land med dårlegare dyrevelferd enn Noreg.

Det blir lagt fram fleire innstrammingar i krav til korleis dyra skal haldast, mellom anna kor mange mink det kan vere i kvart bur, korleis dyra skal stimulerast gjennom aktiviseringsobjekt i bura som stimulerer til naturleg atferd. Det blir og krav til avl, fôring og stell for å bidra til betra dyrehelse og velferd og til auka dokumentasjon av tiltak som blir sett inn på kvar pelsdyrgard.

Eit eventuelt forbod om tre år ville gje ein samfunnskostnad på 465 millionar kroner har regjeringa rekna ut. Det vil måtte påreknast erstatningar og det vil måtte gjevast betydeleg overgangstid dersom eit forbod skal innførast. Nokre av dei nye krava som er foreslått vil gje betydelege kostnader for ein del minkbønder og kompensasjon for dette må diskuterast.

Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen seier Møre og Romsdal Bondelag no håpar at Stortinget i si behandling av meldinga legg vekt på regjeringas gode argument for å oppretthalde næringa med visse innstrammingar.