Kurs i eigarskifte
Saman med våre samarbeidsadvokatar arrangerer Møre og Romsdal kurs i eigarskifte av garden
Norges Bondelag og Gjensidiges bærekraftfond har etablert ei ny ordning der du kan søkje om støtte til plastpresse.
Plast er eit viktig materiale for landbruket, men det kan også føre til forureining. Norges Bondelag og Gjensidige ønskjer at landbruksplasten blir levert til resirkulering, og kjem no med ei ny støtteordning til innkjøp av plastpresse / komprimator.
Dersom du kjøper ei plastpressse kan du søkje om tilskot på 7000 kroner. Du dokumenterer kjøpet med kvittering som du lastar opp saman med søknaden. For å søkje må du vere medlem i Norges Bondelag og kunde hos Gjensidige.
Her finn du lenke til søknadsskjema og informasjon om andre tiltak du kan søkje om.
Søknader til individuelle tiltak blir handsama etter kvart som dei kjem inn. Ein må søkje seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført.
Kollektive tiltak
Lokallag og andre med organisasjonsnummer kan søkje om midlar til gjennomføring av tiltak som kan kome fleire til gode - andre bønder, lokalsamfunn eller heile landbruksnæringa. Her kan ein søkje om støtte til klimasmart landbruk, dyrevelferd og dyrehelse, og skadeforebyggjande tiltak innan brann, bygningsskade, flaum, styrtregn, tørke og maskinskade.
Søknadsfristen for kollektive midlar er 15. oktober og 15. mars.
Les meir om Bærekraftfondet og individuelle tiltak og kollektive tiltak her.