Samling for unge bønder
Bondelaget, Nortura, Tine, Felleskjøpet og Fylkesmannen inviterer til ny Samling for unge bønder, denne gongen til rundtur på øyane i Ytre Romsdal: Harøya, Finnøya og Gossen, fredag 7. og laurdag 8. februar 2020. Samlinga er gratis. Påmelding innan 26. januar.
Overnatting på Finnøy Havstuer. Felles buss frå Molde. Gardsbesøk og bedriftsbesøk.
Målet med samlinga er å etablera nettverk, både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa. I tillegg vil vi gjerne bidra til å formidla relevant kunnskap om næringa, aktuelle saker, organisasjonane og det å vera ung bonde. Det blir felles buss frå Molde - mulighet for påstigning undervegs.
Kostnader: Deltaking er GRATIS om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.
PÅMELDING: Med opplysningar om namn, e-postadresse og mobilnr innan 26. januar til more.romsdal@bondelaget.no eller tlf 99 72 63 99. Meld frå om stad for påstigning ved påmelding.
Utdrag av innhald og gjennomføring:
- Kl 10.00: Avreise med buss frå Felleskjøpet Agri, Molde. ( Passar med buss frå Surnadal/Kristiansund.)
- Mulighet for påstigning undervegs: Vestnes, Sjøholt, Digernesskiftet (Passar med buss frå Volda/Ørsta/Ålesund/Moa.) og Brattvåg.
- Kl 12.20: Fergeavgang frå Brattvåg fergekai.
- To gardsbesøk på Harøya: Ann Elin Harnes. Lars Petter Harnes.
- «Frå fiskarbonde til kvalfangst og foredling av produkt frå havet». Orientering v/Ole Mindor Myklebust, Myklebust kvalprodukt.
- Overnatting Finnøy Havstuer. Mulighet for besøk på badeland «Håp i havet».
- Landbruksorganisasjonane presenterer aktuelle saker.
- «Gode råd på veien» v/
- «Ung bonde inn i framtida» v/Vegard Smenes, medlem i eierutvalg Tine Midt og styremedlem i M&R Bondelag.
- Retur med ferje via Aukra med event gardsbesøk. Buss ankomst Molde ferjekai kl 15.40. (Passar med ferje til Vestnes og buss vidare til Sjøholt/Moa/Ålesund/Ørsta/Volda.) Kl 15.45 Ank Felleskjøpet Agri, Molde.
Detaljprogram blir klart i midten av januar.
Velkommen til Samling for unge bønder!