Overnatting på Finnøy Havstuer. Felles buss frå Molde. Gardsbesøk og bedriftsbesøk.

Målet med samlinga er å etablera nettverk, både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa. I tillegg vil vi gjerne bidra til å formidla relevant kunnskap om næringa, aktuelle saker, organisasjonane og det å vera ung bonde. Det blir felles buss frå Molde - mulighet for påstigning undervegs.

Kostnader:  Deltaking er GRATIS om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.

PÅMELDING:  Med opplysningar om namn, e-postadresse og mobilnr innan 26. januar til more.romsdal@bondelaget.no  eller tlf 99 72 63 99. Meld frå om stad for påstigning ved påmelding.

Utdrag av innhald og gjennomføring:

  • Kl 10.00: Avreise med buss frå Felleskjøpet Agri, Molde. ( Passar med buss frå Surnadal/Kristiansund.)
  • Mulighet for påstigning undervegs: Vestnes, Sjøholt, Digernesskiftet (Passar med buss frå Volda/Ørsta/Ålesund/Moa.) og Brattvåg.
  • Kl 12.20: Fergeavgang frå Brattvåg fergekai.
  • To gardsbesøk på Harøya: Ann Elin Harnes. Lars Petter Harnes.
  • «Frå fiskarbonde til kvalfangst og foredling av produkt frå havet». Orientering v/Ole Mindor Myklebust, Myklebust kvalprodukt.
  • Overnatting Finnøy Havstuer. Mulighet for besøk på badeland «Håp i havet».
  • Landbruksorganisasjonane presenterer aktuelle saker.
  • «Gode råd på veien» v/
  • «Ung bonde inn i framtida» v/Vegard Smenes, medlem i eierutvalg Tine Midt og styremedlem i M&R Bondelag.
  • Retur med ferje via Aukra med event gardsbesøk. Buss ankomst Molde ferjekai kl 15.40. (Passar med ferje til Vestnes og buss vidare til Sjøholt/Moa/Ålesund/Ørsta/Volda.) Kl 15.45 Ank Felleskjøpet Agri, Molde.

Detaljprogram blir klart i midten av januar.

Velkommen til Samling for unge bønder!