Nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll.I dag har fylket Møre og Romsdal to rettleiingstilbod for bønder. Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre (NLR Sunnmøre) og Landbruk Nord Vest.
– Me i bondelaget kunne tenke oss at dei to rettleiingstenestene i fylket slo seg saman, seier Gunnhild Overvoll, nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, til bladet Bondevennen.
Norsk Landbruksrågiving (NLR) står framom ei omorganisering, talet på einingar skal reduserast over heile landet. I staden for at NLR Sunnmøre slår seg saman med NLR Sogn og Fjordane og NLR Hordaland, kunne nestleiaren i Bondelaget tenke seg å få ei felles rettleiingsteneste for fylket.
– Fylket vårt har vore mykje delt. NLR si omlegging er kanskje med på å dele fylket endå meir, seier Overvoll, og legg til:
– Eg ynskjer å reise ein debatt kring organiseringa av rettleiingstenestene for bøndene i Møre og Romsdal.
Overvoll og styret i Bondelaget fryktar rettleiingstilbodet vil bli dårlegare om NLR skal samarbeide med andre fylker om rettleiinga.
– NLR Sunnmøre skal ikkje velje mellom Vestlandet og Trøndelag, men mellom Vestlandet og Møre og Romsdal. Møre og Romsdal har alltid vore trekt mellom Vestlandet og Trøndelag, og må ha godt samarbeid begge vegar, seier Overvoll.

I Bondevennen er det også intervju om saka med dagleg leiar i NRL Sunnmøre, Olav Martin Synnes, assisterande landbruksdirektør Ottar Longva og dagleg leiar i Landbruk Nordvest, Rune Sjåholm.

Les heile saka på bondevennen.no - klikk her

Les saka i Bondevennen i PDF - klikk her