Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, rosar initiativet til ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim (Arkivfoto: Arnar Lyche).Avisa Nationen melder 14. september at rundt halvparten av ordførarane i Norge har slutta seg til protestar mot regjeringa si oppfølging av Stortinget sin vedtekne rovdyrpolitikk. Nyleg har ordførarar i Finnmark, Østfold, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane meldt seg på. Ordførarane i dei fire fylka sluttar seg dermed til 150 protesterande kommunetoppar i Trøndelag, Oppland, Hedmark, Nordland og Troms, som i løpet av dei siste vekene også har skreve brev til statsminister Erna Solberg (H). Rovdyroppropa omfattar dermed rundt halvparten av landets 422 ordførarar.

I Møre og Romsdal fortel initiativtakar og ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim (Ap), til Nationen at fristen for å slutte seg til ikkje enno er ute, men at rundt halvparten av fylket sine 36 ordførarar har slutta seg til oppropet.

Surnadalsordførar Lilly Gunn Nyheim fekk raskt positive tilbakemeldingar frå ordførarane i Møre og Romsdal, etter at ho i forrige veke drog i gang eit opprop til fordel for beitenæringa. Medan oppropet i mange Austlandsfylker og Trøndelag handlar mest om ulv og bjørn, er vinklinga i oppropet i Møre og Romsdal mest mot utfordringane med jerv og gaupe.

- Utvidast

Tidens Krav 6. september 2018Til avisa Tidens Krav sa Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag, at han rosar oppropet frå Nyheim.

- Det er bra at dette kjem. Eg håper flest muleg av ordførarane henger seg på og signerer. Dersom det ikkje vert teke grep, utvides områda med rovdyr; dei treng meir plass dess fleire dyr det er. Det er noko å tenkje på for ordførarar som i dag ikkje har utfordringar med rovdyr i beiteområda, sa Oddvar Mikkelsen til Tidens Krav.

Oppropet

Oppropet Lilly Gunn Nyheim har signert og fått støtte til, ser slik ut:

Beitenæringa og den lokale rovviltforvaltninga må respekterast!

Kommunane i Møre og Romsdal vil framheve at vi lever i ei verd med aukande folketal og aukande behov for mat. Dei naturgitte ressursane som kan anvendast til matproduksjon i Noreg er begrensa. Utmarksbeite for drøvtyggarar ei ein av dei største matressursane vi har og med potensiale for auka bruk. Vi må legge til rette for auka utmarksbeiting av hensyn til sjølvforsyning, matsikkerheit og beredskap.

Dagens praktisering av rovviltforliket gjer dette vanskeleg og bidreg derfor til redusert sjølvforsyningsgrad. Samstundes aukar konfliktnivået mellom bygdefolk som lever av å hauste av naturens ressursar og myndigheitene som har ansvaret for rovviltbestandane.

I fleire av fylka omkring oss har det i sommar vore store problem med ulv og bjørn som har teke sau i prioriterte beiteområde. Likevel har det vore fleire avslag på søknader om fellingsløyve. I vårt fylke er jerv og gaupe dei største syndarane. Det kom tidleg meldingar om dokumenterte tap til jerv i fylket. Det har vore innvilga skadefellingsløyve på jerv men det er nærast uråd for lokale jegarar utan spesiell kunnskap om jervejakt å felle skadegjeraren på barmark. Beitedyr er difor henta heim langt tidlegare enn vanleg i enkelte område. Dette er særs uheldig i år med tanke på den krevjande fôrsituasjonen. Vi etterlyser difor at Staten tek meir ansvar for å forvalte rovdyrstammen gjennom å bidra meir aktivt ved skadefelling, til dømes ved at personell frå SNO utfører eller tek del i jakta. Skadefellingsløyve må i større grad innvilgast førebyggande og kunne utførast om vinteren som førebygging før neste beitesesong basert på tap i føregåande sesong.

Bruk av hjelpemiddel i jakta på jerv er utprøvd i rovviltregion 6 og kunnskapen frå utprøvinga må takast i bruk for å effektivisere både skadefelling og lisens/kvotejakt på rovvilt.

Det er viktig at soneinndelinga blir respektert og at det er ein låg terskel for å felle rovdyr som oppheld seg i beiteprioriterte område.

Vi meiner det er avgjerande at den lokale rovviltforvaltninga gjennom dei regionale rovviltnemndene får fungere. Vi reagerer sterkt på at Miljødirektoratet og Klima - og Miljødepartementet ved fleire høve har lagt press på rovviltnemndene for å endre på forvaltingsplanar som er godt forankra gjennom innspels- og høyringsprosessar og er godt fagleg funderte. I vår region gjeld dette først og fremst yngleområdet for bjørn som Rovviltnemnda for region 6 er bede om å utvide og forvaltningsområde for jerv der nemnda har vedteke å ta ut Forollhogna og Øvre Sunndal, noko departement og direktorat motset seg.

Dersom interessekonfliktane i rovviltforvaltninga ikkje skal eskalere er det viktig at den lokale kunnskapen og den lokale forankringa er tillagt stor vekt. Vi vil og peike på at samordning av forvaltninga i grenseområde mellom ulike rovviltregionar kan vere eit viktig og nødvendig tiltak.

På vegne av dei underteikna kommunane i Møre og Romsdal ber vi Statsministeren engasjere seg i den veksande utfordringa som rovviltforvaltninga representerer for bygdenæringane og bidreg aktivt til at intensjonen bak rovviltforliket blir fulgt opp både i denne og i komande beitesesongar.