Ole Houlder Rødstøl er partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz i Molde og samarbeidsadvokat for Møre og Romsdal Bondelag. Han har særlege arbeidsområde knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt. Han har sjølv drive eigen gard med dyr i Molde.

Temadagen hadde ikkje som formål å setje deltakarane i stand til å gjennomføre eit eigarskifte på eiga hand med utfylling av alle skjema. Derimot var det fokus på regelverk for planlegging Ole Houlder Rødstøl er partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz i Molde og samarbeidsadvokat for Møre og Romsdal Bondelagog gjennomføring av eigarskifte, og kva ein bør vere merksam på av økonomiske og menneskeleg omsyn. Familiane må vere flinke til å samtale framfor eit eigarskifte. - Kommunikasjon, kommunikasjon og kommunikasjon, er det viktigaste.

Målgruppe for temadagen var alle som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess. Sjølve prosessen kan ta lang tid og det er viktig å inkludere og involvere alle berørte partar, unge og eldre generasjon.