Mediekurset vart leia av Lise Boeck Jakobsen, kommunikasjonssjef i Norges Bondelag. I kurset var det særleg fokus på lokallaga sin mediekontakt. Korleis kan vi få lokalaviser og regionaviser til å lage reportasjer om saker vi er opptatt av? Og kva gjer vi når media tar kontakt med oss og vil ha oss i tale? Det var også ein bolk om sosiale medier.

Ei vitamininnsprøyting

- Det er veldig nyttig å få jobba heilheitleg med kommunikasjon, og bli minna på at det er like viktig at vi i lokallaga er synlege i media og deler informasjon og kunnskap, som at Bondelaget sentralt gjer det. Det seier Sofie Høybakk, styremedlem i Giske Bondelag, etter endt kurs.
- Og så set eg sånn pris på å få treffe fleire frå rundt om i fylket, både nye og kjente. Desse dagane er ei vitamininnsprøyting, som eg tek med meg heim når eg no skal forberede vinteren etter ein tung sommarsesong.

Audun Skjervøy, medlem i fylkesstyret, sette også pris på mediekurset. 
- Det er gjennom media vi skaper inntrykk av kva bøndene driv med og dei kampane vi står i. Derfor er det viktig å få innføring og rettleiing i mediearbeid frå fagfolk i Bondelaget sentralt, seier han.
- Og ikkje minst er det kjekt å komme seg litt vekk frå den travle kvardagen på garden og treffe kollegaer som jobbar for betre vilkår i landbruket. 


Kva er godt lokallagsarbeid?

- Målet er eit veldrive lokallag. Men eit veldrive lokallag er ikkje det same som eit lokallag med konstant høgt aktivitetsnivå. Noko må vi gjere, noko bør vi gjere og noko kan vi gjere. Det vil variere frå år til år kva aktivitetsnivå som er realistisk og bærekraftig i kvart einskilt lag. 

Dette var noko av budskapet på dag to. Lokallagsskolen vart leia av Elin Røed, organisasjonssjef i Vestfold Bondelag og prosjektleiar for «Vi bygger BondeLaget», som Lokallagsskolen er ein del av. Kurset ga konkret og handfast hjelp til å drive eit lokallag, med vekt på styrearbeid, møter og aktivitetar i lokallaget, og korleis lokallaget kan påvirke kommunen i planarbeid og andre lokale saker.

Kursa har vore etterspurt av dei tillitsvalde og fylkeslaget har ønska å prioritere kompetansebygging for lokale tillitsvalde. Oppslutninga om kursdagane kunne absolutt ha vore større. Men for dei som var med ga det nyttig input og fagleg og sosialt fellesskap.

Begge dagane var prega av engasjerte diskusjonar, både i grupper og i plenum. Behovet for fagpolitiske diskusjonar er stort.