Nytt fylkesstyre i Møre og Romsdal Bondelag

Møre og Romsdal Bondelag var samla til årsmøte i Molde i helga. Konrad Kongshaug held fram som fylkesleiar. Med seg i fylkesstyret får han både gamle og nye kostar.
Møre og Romsdal Bondelag var samla til årsmøte i Molde i helga. Utsendingar frå lokale bondelag i heile fylket kom saman til gode diskusjonar om aktuelle politiske saker i tillegg til tradisjonelle årsmøtesaker.
Konrad Kongshaug (Averøy) vart attvald som fylkesleiar. Etter valet har han med seg desse i styret: nestleiar Olav Håkon Ulfsnes (Aure), styremedlem Anna Håland Berget (Rauma), styremedlem Audun Skjervøy (Fjord), styremedlem Kjersti Ellingsgård (Molde) og 1.vara Lars Olav Vanberg (Ørsta).