Mats Jøsok Kvalsvik får pris for å inspirere i landbruket

Årets vinnar av landbruksselskapets inspirasjonspris er ein ung gardbrukar med stort engasjement for landbruk og matproduksjon, for kulturlandskapet og samhaldet i bygda si.
– Mats Jøsok Kvalsvik frå Herøy er verkeleg ein verdig vinnar og eit fint forbilde for ungdom. Han viser at det er mogeleg å få til gardsdrift også «på den ytste nøgne ø», heiter det i ein av nominasjonstekstane som føreslo Mats som prisvinnar.
Blant heile 184 kandidatar er det Mats som får årets pris. Mats starta med sau allereie som 15-åring. Han har kjøpt nabogarden til heimgarden og har bygd nytt sauefjøs der. 24-åringen er også initiativtakar til potetfestival og levande engasjert i nærmiljøet sitt.
Kvart år deler Landbruksselskapet i Møre og Romsdal ut ein Inspirasjonspris på Landbrukskonferansen.
Mange vil heidre gode gardbrukarar
– Mange set pris på det arbeidet gardbrukarane gjer som matprodusentar, men også som bidragsytarar i bygdene med snøbrøyting, tilbod til barn og unge som ikkje finn seg til rette på skulen, held kulturlandskapet ope, er pådrivarar for fellestiltak og mykje meir. Med så mange gode kandidatar var det difor ei vanskeleg oppgåve å velje årets prisvinnar, fortel juryleiar og leiar for landbruksseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Brit Kari Eidseflot Hauger.
Potetfestival i fjøsen
Mats Jøsok Kvalsvik fekk fleire nominasjonar – frå både familie, venner og bygdefolk.
– Med kombinasjonen av engasjement og kunnskap evner Mats å inspirere dei rundt seg på ein unik måte. Dette gjeld for eksempel Potetfestivalen, der heile bygda – og vel så det – velvillig har stilt opp på dugnad med ønske om å bidra og vare med på å skape noko i ei lita bygd, står det i ein av nominasjonstekstane.
Då den nye fjøsen vart bygd for tre år sidan, fekk Mats idéen om å arrangere ein potetfestival med fjøsen som base.
– På festivalen er det bidrag frå bygdefolket, venner og familie. Vi har kåseri, hinderløype, allsong, hesjekonkurrane, fjøs til fjøs, traktorutstilling, og mykje meir. Og så har vi sjølvsagt potetdans om kvelden. Serveringa er potet og kjøt frå garden, fortel Mats.
Har sau, gris, grønt og bær
Mats Jøsok Kvalsvik har i tillegg til sau av rasen norsk kvit sau, også frilandsgris. Sauene beitar i den særprega kystlyngheia, som han ivrar for å halde i hevd gjennom brenning og beite, seier Mats.
– Det er viktig for meg at vi ikkje tek landbruket og matproduksjonen for gitt. Landbruket er limet i bygdene. Det gir sysselsetjing og verdiskaping, men også samhald og aktivitet.
Mats Jøsok Kvalsvik, vinnar av inspirasjonsprisen 2024
Han dyrkar potet, gulrot og grønsaker, og nytt av året også bringebær. Det meste vert selt direkte frå garden, enten frå gardsutsalet eller som matkasser levert på døra.
– Draumen min er å leve av garden, fortel Mats.
For tida driv han også for seg sjølv som snikkar.
– Det er viktig for meg at vi ikkje tek landbruket og matproduksjonen for gitt. Landbruket er limet i bygdene. Det gir sysselsetjing og verdiskaping, men også samhald og aktivitet. Vi treng både dei store og dei små gardsbruka, alle er like viktige, seier han.
Vil framheve ein ungdom
Fjorårets vinnar representerte kårfolket og deira viktige arbeidsinnsats, erfaring og kompetanse for neste generasjon på ein gard.
– I år ynskte landbruksselskapet å framheve ein ungdom som har eit sterkt engasjement og motivasjon for å vere gardbrukar. Mats er opptatt av å ta vare på kulturlandskapet og kystlyngheia med brenning og beitebruk. Han har ei allsidig drift der han utnyttar garden sine ressursar. Gjennom potetfestivalen profilerer han landbruket på ein positiv og synleg måte, og bidreg til utvikling i nærmiljøet sitt, seier Britt Kari Eidseflot Hauger.
Landbruksselskapet
Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ei stifting som består av Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Formålet til landbruksselskapet er å støtte positive tiltak i landbruket og bygdenæringane. Inspirasjonsprisen skal gå til ein gardbrukar eller eit fellestiltak i landbruket som er ein god ambassadør for næringa og til inspirasjon for andre.
Styret i Landbruksselskapet består av
- Brit Kari Eidseflot Hauger, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Olav Håkon Ulfsnes, Møre og Romsdal Bondelag
- Ola Kvendset, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag
- Eivind Vartdal Ryste, Møre og Romsdal Fylkeskommune