Fylkesstyret drøfta på sitt møte 4. januar jordbruksmeldinga som landbruks- og matminister Jon Georg Dale la fram i midten av desember. Til grunn for styrevedtaket viser fylkesstyret til næringskomiteen si handsaming av jordbruksoppgjera i denne Stortingsperioden. Styret meiner regjeringa i ei melding om jordbrukspolitikken bør ta omsyn til det stortingsfleirtalet står for.

På møtet i representantskapet i Bondelaget onsdag 11. januar vil fylkesleiar Oddvar Mikkelsen legge fram Møre og Romsdal Bondelag sitt syn på jordbruksmeldinga. Også fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane og Frøydis Haugen i Hordaland har med seg same marsjordre frå sine fylkesstyrer. Dei tre fylkesleiarane ønskjer at representantskapsmøtet legg opp til ein diskusjon om det vil være strategisk rett å arbeide for å avvise hele meldinga og be Stortinget sende henne i retur til regjeringa.

Politisk arbeid

Møre og Romsdal Bondelag har dei siste vekene teke mange politiske kontaktar i arbeidet med jordbruksmeldinga. Fylkesleiar Oddvar Mikkelsen hadde rett før nyttår møte med Venstre sin næringspolitiske talsperson på Stortinget, Pål Farstad frå Kristiansund.

Fredag 6. januar var fylkesleiar, nestleiar og organisasjonssjef i møte i Ålesund med Høgre i Møre og Romsdal, som stilte med stortingsrepresentantane Helge Orten og Elisabeth Røbekk Nørve, gruppeleiar i fylkestinget Charles Tøsse, stortingskandidat Marianne Synnes og fylkessekretær Odd Harald Karlsen.

Fra møtet mellom Høyre og Bondelaget i Ålesund 6. januar. Foran fylkesleder i Bondelaget, Oddvar Mikkelsen (t.v.) og stortingsrepr. Helge Orten. Bak fra venstre: Andrekandidat på stortingslista, Marianne Synnes, fylkessekretær i Høyre, Odd Harald Karlsen, nestleder i Bondelaget, Gunnhild Overvoll, avtroppende stortingsrepr. Elisabeth Røbekk Nørve og gruppeleder i fylkestinget, Charles Tøsse (Foto: Arnar Lyche).

9. januar hadde Bondelaget invitert Kristeleg Folkeparti sin førstekandidat i Møre og Romsdal, Steinar Reiten, Averøy, på gardsbesøk hos Skodje Samdrift. Steinar Reiten markerer på vegne av KrF tydelege synspunkt om stortingsmeldinga. - Vi må fokusere på dei store linene i meldinga, og ikkje rote oss bort i diskusjon om detaljane. Vi må ikkje stemme for noko som bryt med vår landbruksgaranti som er nedfelt i partiprogrammet, var hans klare oppfordring.

Fra gardsbesøk på Skodje Samdrift 9. januar. F.v. journalist i Bygdebladet, Kjell Opsal, nestleder i Bondelaget, Gunnhild Overvoll, bøndene Mikal Skodjereite og Petter Arne Ekroll, og stortingskandidat for KrF, Steinar Reiten (Foto: Arnar Lyche).

Fem siders notat

Styret i Møre og Romsdal Bondelag meiner jordbruksmeldinga er eit stort steg vekk frå den norske landbruksmodellen og den forhandlingsmodellen vi kjenner frå heile den norske samfunnsutviklinga sidan 1930-talet med forhandlingar mellom partar i næringslivet og mellom næringar og staten. Meldinga inneheld lange kapittel med positiv omtale om jordbruket og utviklinga som har skjedd innanfor den rådande modellen. Likevel kan ikkje meldinga oppfattast som anna enn eit massivt angrep på verkemidla i den modellen som har gitt desse gode resultata.

Som bakgrunn for vedtaket på styremøtet 4. januar drøfta og vedtok fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag eit fem siders notat med samandrag av jordbruksmeldinga, og med denne konklusjonen:

  • Meldinga er eit så massivt åtak på den norske landbruksmodellen at det må vurderast av partia på Stortinget om dei med henvisning til næringskomiteens behandling av jordbruksoppgjera i denne Stortingsperioden skal sende meldinga attende til regjeringa med bestilling av ei melding som er i tråd med det stortingsfleirtalet står for.

  • Å kutte vekk nokre av dei foreslegne «regjeringen vil»-punkta vil ikkje endre den grunnleggande retninga i meldinga. Det må store endringar i teksten til dersom meldinga ikkje skal resultere i dramatisk svekking av jordbrukets påverknadskraft på eigne rammebetingelsar, svekking av småskalalandbruket og den allsidige produksjonen spreidt over heile landet, svekking av velferdstilbod, svekking av inntektsmål, større risiko for den enkelte, sentralisering av enkelte produksjonar, med den effekten det kan ha for til dømes smittevern, redusert mulegheit for politikarane til å målrette tiltak retta mot oppfylling av jordbrukets samfunnsoppdrag som kjem som effekt av og i tillegg til matproduksjonen.

 

Bygdebladet 10. januar - klikk på biletet for å lese saka i PDF

Sunnmørsposten 7. januar - klikk på biletet for å lese saka