Møtet samla om lag 35 personar og hadde 4 foredragshaldarar. Først ut var leiar i Midt-Norsk Landbruksråd, Oddvar Mikkelsen. Han prata om moglegheiter og klimaparadokset. Fotosyntesen er grunnlaget for alt liv. Bonden er ein fotosynteseforvaltar. Vi blir stadig fleire folk som treng meir mat. Samstundes vil klimaendringar, mangel på vatn, utpint dyrkajord m.m. gjere det utfordrande å produsere meir mat. Ny teknologi vil bli viktig i møte med utfordringane framover  

Klimaproblemet skuldast ubalanse i karbonkretsløpet. Brenning av olje, kull og gass fører til ei oppkonsentrering av CO2 i atmosfæren. Drøvtyggaren har vore ein del av kretsløpet i alle år, og han er heilt essensiell for å utnytta grasressursane kring om i landet. Berekraftig bruk av fornybare ressursar er vegen vi må gå inn i framtida.

Kim Viggo Weiby  var neste foredragshaldar, og han jobbar til dagleg som rådgjevar i Tine. Også han kom inn på behovet for å produsere meir mat i framtida. Om lag 100% auke i løpet av dei neste 30 år, og klimaendringane vil gjere dette vanskeleg. Fosfor og vatn er begge viktige ressursar som er begrensa. Det vil bli stadig strengare krav til dyrevelferd. Utan god dyrevelferd har ikkje landbruket ei framtid. Stadig fleire lever sine liv i byar. Dette setter større krav til kommunikasjon rundt landbruk og matproduksjon. Vi har eit klima i endring, og rapport frå forsvarets forskingsinstitutt viser at Norge vil få økt fuktigheit i form av hyppigare og kraftigare regn.

Metan er ein kraftig klimagass, men i motsetnad til dei andre brytast den relativt raskt ned i atmosfæren (12,5 år). Dette blir det ikkje tatt omsyn til i dagens klimamodell. Når ein jobbar med klimatiltak i landbruket er det viktig at ein først og fremst tenkjer berekraft.

Meierisjef Jan Heggem ved TINE Ålesund fortalte korleis TINE SA jobbar med klima og berekraft i selskapet. TINE har som mål å vere best på berekraft i norsk matbransje. Seks konkrete mål blei presentert: Innan 2030 skal landbruket kutte 20% av sine utslepp. I 2023 skal emballasje være laga av fornybare- eller resirkulerte råvare. Innan 2025 vil TINE berre bruke fornybar energi og drivstoff.  Innan 2030 skal svinn i egen verdikjede vere redusert med 50%. Innan 2030 skal betre emballering og merking bidra til å redusere matsvinn hos forbrukaren med 50%. TINE vil bidra til eit sunt og variert kosthald i den norske befolkninga. 

Seniorrådgivar Åsmund Asper hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal avslutta dagen med tema tiltak og verkemiddel for framtida sitt «klimalandbruk». Det er ei utfordring at heile den norske velferda i Norge i dag er basert på olje. Han stilte spørsmål med det negative fokuset som drøvtyggaren har fått i dagens klimadebatt. Fylkesmannen ønsker å bidra til eit meir klimavennleg jordbruk gjennom ulike tilskotsordningar. God agronomi, betre lagring og spreiing av husdyrgjødsel, betre drenering og redusert jordpakking er nokre av fokusområda hos Fylkesmannen. Vidare satsast det på økt bruk av tre i offentlege bygg og landbruksbygg. Fylkesmannen deltak på klimanettverk rundt om i fylket og jobbar med biogass og gårdsvarmeanlegg.