Fredag 3.mars var det endeleg duka for Landbrukskonferanse igjen, etter to år utan. Den raude tråden gjennom dagen var Møre og Romsdal si rolle i auka norsk sjølvforsyning. Fokus var på berekraft, beredskap og utnytting av dei ressursane vi faktisk har i fylket.

Berekraft breitt forstått
Arne Bardalen frå NIBIO hadde foredrag om berekraftig matproduksjon på norske ressursar og premissar. Han sette problemstillinga inn i den store samanhengen som no er tydelegare for oss enn på lenge – der vi ser korleis mat, energi og innsatsfaktorar i matproduksjonen blir gjort til våpen i geopolitiske konfliktar. Mattryggheit er avgjerande viktig for stabile og trygge samfunn, og for å forhindre konflikt. 

Matsystemet må vere berekraftig. Bardalen understreka at det er viktig å tenkje breitt og heilskapleg om berekraft. Berekraft har tre dimensjonar – miljømessig, sosial og økonomisk. Alle tre må vere med og det er nødvendig å balansere dei mot kvarandre. For tida er dette svært aktuelt, ikkje minst i samband med utarbeiding av nye nordiske kostholdsråd, der berekraftsperspektivet også skal inn. Det er viktig at desse råda blir kunnskapsbaserte og heilskaplege.

Utnytting av lokale ressursar
Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse snakka i sitt foredrag om landbruket i Møre og Romsdal i eit beredskapsperspektiv og kva det betyr å ha eit levande landbruk i heile fylket. I Norge har vi fram til no klart å makse matproduksjonen ved å dyrke korn i dei beste områda og ved å produsere mjølk i dei nest beste. Møre og Romsdal er eit grasfylke, der grovfôrbaserte husdyrproduksjonar (mjølk, storfekjøt, sau og geit) står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsetjinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Resten er fordelt på bær/frukt/grønsaker, korn, egg og gris. 

Sett i lys av dette må oppgåva framover vere å sikre det grasbaserte dyrehaldet. Dette handlar for eksempel om å få fleire med over frå båsfjøs til lausdrift. Og det handlar om å utnytte ressursane og areala der dei er, og sikre ein variert bruksstruktur, der også familiebruket og deltidspotensialet i jordbruket blir styrka.

Erfaringar til inspirasjon
På konferansen var det også innlegg frå bønder som snakka levande og inspirerande om korleis dei driv garden sin. Vibeke Evensen frå Velledalen i Sykkylven og Ole Wegard Iversen frå Smøla viste bilete og fortalte om korleis dei tenkjer og arbeider. Med sine ulike tilnærmingar og ulike driftsopplegg er dei begge gode eksempel på bønder som tek utgangspunkt i ressursane og forutsetningane der dei bur.

Leiarane i Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag deltok også med kvart sitt innlegg om korleis bonden i Møre og Romsdal kan bidra til auka norsk sjølvforsyning. Og ikkje minst: Kva som må til for at dette skal kunne skje. Mot slutten av dagen fekk eit breitt samansett panel høve til å bryne seg på dei same spørsmåla i ein landbrukspolitisk debatt.

 

 

 

 

 

Landbrukspolitisk debatt med debattleiar Øystein Syrstad, Tor Jacob Solberg (NBS) , Birgit Oline Kjerstad (SV), Jenny Klinge (Sp), Bjørn Gimming (NB), Nils Kristen Sandtrøen (Ap), Geir A. Stenseth (Frp) og Helge Orten (H).


Utdeling av inspirasjonspris
Det var Øystein Syrstad som leia dagen og debatten. Det kunstneriske vart godt ivaretatt av Runa Tunheim på fele. I løpet av dagen var det også utdeling av den første inspirasjonsprisen som Landbruksselskapet i Møre og Romsdal deler ut. Hegelin Waldal og Audun Skjervøy frå Valldal fekk prisen fordi dei er gode representantar for landbruksnæringa. Dei produserer kvalitet, og evnar å nytte både sine personlege eigenskapar og ressursane på garden på ein kreativ og inspirerande måte.

Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom begge faglaga og Statsforvaltaren. Her møtest bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. Konferansen har vore eit årleg arrangement i mange år, men på grunn av pandemien har det vore opphald dei siste åra.