Landbruket i Møre og Romsdal er viktig for landet
Regjeringa har ei målsetting om å auke norsk sjølvforsyning av mat. Landbruket i Møre og Romsdal er viktig i så måte. Les resolusjonen frå årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag her.
Overflod av mat i butikken er ikkje lenger sjølvsagd. I desse dagar er det rasjonering på grønsaker i England, og folk blir oppmoda om å ete nepe i staden for salat og tomat. Mange veksthus i England har stått mørke og tomme i vinter på grunn av høge straumprisar. Krigen i Ukraina har vist kor sårbar verdshandelen med mat er.
Regjeringa har ei målsetting om å auke norsk sjølvforsyning av mat. Gardsbruk i drift er ein avgjerande del av beredskapen vår. For å nå måla i landbrukspolitikken må vi halde ved lag talet på bønder, og jorda må haldast i drift. Skal ungdommen våge å satse på næringa må bøndene ha like god inntekt som andre grupper i samfunnet, og velferdsordningar som legg til rette for at bonden kan stifte familie og ha fritid.
Vi bur i eit fylke som er godt eigna for matproduksjon på gras og i utmark. Kortreist kjøt og mjølk som mest mogleg er produsert på lokale ressursar, er berekraftig. Likevel slit saue- og storfeprodusentane med dårleg lønnsemd. Desse bøndene er viktige for matforsyninga i Noreg, og vi må slåst for at dei får ei inntekt som gir dei lyst til å bli verande i næringa.
Bønder vil gjerne gje garden vidare til neste generasjon i litt betre stand enn han var då dei tok over sjølve. Det handlar om velstelt jord, nye grøfter og fleire dyr i fjøsen. Men det handlar også om at maten skal produserast på ein berekraftig måte. Krava til god dyrevelferd og drift med låge klimagassutslepp blir stadig strengare. Då må samfunnet være villig til å investere i ein matproduksjon som er framtidsretta og har god dyrevelferd, god bondevelferd, og som blir driven på ein miljøvennleg måte.