Kven sit i skyttargrava no?

Publisert 29.12.2016
  • Tips en venn om denne siden

Oddvar Mikkelsen

- Jon Georg, bønder sutrar ikkje, men det hender vi bit tennene saman så hardt at vi får tårar i augo. Det skriv leiar i M&R Bondelag, Oddvar Mikkelsen, som tilsvar på intervju med landbruks- og matminister Jon Georg Dale i Sunnmørsposten før jul.

Sunnmørsposten 20. desember 2016 - klikk på biletet for å lese intervjuet med Jon Georg Dale (i PDF)Det var i Sunnmørsposten 20. desember at landbruks- og matministeren karakteriserte Bondelaget sine kommentarar til jordbruksmeldinga som skyttargravshaldingar. Jon Georg Dale meinte hans skisserte tiltak i meldinga vil få god effekt i distrikta. Klikk her for å lese intervjuet i PDF

På lesarbrevsidene i Sunnmørsposten i dag 29. desember, har Bondelaget sin fylkesleiar Oddvar Mikkelsen på trykk sitt tilsvar til landbruks- og matministeren.

Her er heile lesarinnlegget:

Jordbruksmeldinga: Kven sit i skyttargrava no?

I Sunnmørsposten 20. desember blir landbruks- og matminister Jon Georg Dale sitert på at han er bomsikker på at den politikken som blir presentert i jordbruksmeldinga vil vere svært positiv for distriktsjordbruket, og at han er skuffa over at bøndene er i tvil om det stemmer. Det er ei kjent sak at til mindre ein kan og forstår, jo lettare er det å vere heilt sikker. Etterkvart som ein lærer så forstår ein at komplekse samanhengar oftast gjer det vanskeleg å vere heilt sikker. Eg har gjennom 16 år som tilsett i kraftfôrbransjen, 13 år som bonde og 8 år som tillitsvalgt i Bondelaget lært at det ofte er vanskeleg når økonomi, sosiale forhold og politikk skal resultere i beslutningar som vil definere resten av livet ditt.

Når ein skal ta beslutning om å bli bonde eller ikkje, om å satse og bygge nytt fjøs eller ikkje, eller om ein skal kaste inn handkleet og legge ned gardsdrifta, så skal beslutninga takast på bakgrunn av politiske signal, økonomien i dag og kva ein trur om framtida, og ikkje minst ei vurdering av kva valet ein gjer vil ha å seie for ein sjøl, for familien og for korleis folk rundt ein ser på ein. Vel du å bygge fjøs til 6 eller 10 millionar har du låst deg fast til garden dei neste to tiåra. Da skal du vere rimeleg sikker i di sak. Når det da skjer det uventa at ei krakilsk og lite tilsnakkande dame med all sin livsvisdom erverva frå Fremskrittspartiets Ungdom (FpU) blir landbruksminister så blir ein naturleg nok litt i tvil. Det betrar seg når ein jovial kar med erfaring som slaktar og som er glad i spelsau og gjetarhundar tek over. Men han og trur visst at marknadsøkonomiske teoriar let seg overføre til praktisk gardsdrift i bratt terreng.

Sunnmørsposten 29. desember 2016Han trur kan hende at gardane langs kysten og i dalstroka er små fordi bøndene er late eller ikkje har ynskje om å tene pengar på drifta si? Eg trur heller at gardane finst der i det heile teke fordi dei sterkaste og mest trossuge menn og kvinner gjennom generasjonar har bite tennene saman og krafsa eit sparsamt levebrød ut av nakne berget eller myra. Gardane kunne ikkje bli og kan fortsatt ikkje bli store, slik dei gjerne blir der jorda er flat, steinfri og sjølvdrenerande.  Lettdrivne blir dei aldri og dei let seg ikkje presse inn i marknadsteoretiske former. Eg er ikkje sikker, men eg trur nok at meldinga Dale har lagt fram dessverre ikkje vil vere positiv for distriktslandbruket utan at han kliv opp frå skyttargropa han hevdar at vi sit i og sluttar å sutre over at vi ikkje er like begeistra som han. Han må møte oss og vere open for våre innvendingar så er vi, som alltid, i stand til å endre oss, om ikkje så villige alltid.

Ord i ei landbruksmelding om satsing på distrikta, prioritering av utmarksbeite, miljøriktig og klimasmart landbruk og så vidare, vil ikkje styrke korkje matproduksjonen, kulturlandskapet, eller distrikta, når det gjennomgåande er eit klart fokus i meldinga på effektiv drift og definisjonen på effektiv er at det skal vere minst muleg arbeidsinnsats bak. Vi vil gjerne fokusere på effektivitet, men vi meiner effektiv bruk av areala er like viktig. Vi er allereie for få bønder til å drive areala våre så godt som vi vil. Areala våre kan ikkje drivast effektivt i økonomisk fortolking av ordet. Men økologisk og agronomisk kan det effektiviserast.

I meldinga er fleire viktige delar av sikringssystema våre føreslege endra eller kutta ut. Vi skal ikkje lenger få bruke våre eigne pengar til å balansere marknaden på viktige landbruksprodukt som egg, geitemjølk, poteter og epler. Det skal bli slutt på at ein del av pengane samfunnet betaler oss for å utføre eit viktig samfunnsoppdrag er øyremerka til at vi skal leige inn avløysarhjelp slik at vi kan få fri frå fjøset av og til. Avløysarane treng og sikkerheit for fast jobb og inntekt. Avløysarpengane er sikringa deira. Det fastsette inntektsmålet for bønder blir delvis omformulert i meldinga, og det blir teke  atterhald om at det kanskje ikkje skal gjelde dersom politikarane finn det for godt.

Det andre ordet som blir svært mykje brukt er konkurranse. Korleis er det råd å sjå for seg at vi skal konkurrere? Utfallet av ein konkurranse i jordbruksproduksjon er nok rimeleg klar, anten konkurrenten er Irland, Danmark eller flatbygdene ved Mjøsa. Skal landbruket på Sunnmøre overleve, må det vere fordi det produserer noko heilt anna enn desse konkurrentane, eller så må det beskyttast frå noko av konkurransen som marknaden fører til. I meldinga er det lange kapittel om kor godt den norske landbruksmodellen fungerer. Kvifor er det da lagt opp til at dei fleste ordningane som bidreg til dette skal endrast?

Vi vil gjerne diskutere meldinga di med deg, Jon Georg, men vi treng litt tid til å fordøye alle 162 sidene med tekst, og for å seie det som det er: Vi må sjå etter om det ligg fleire fallgruver for oss i teksten utover dei vi alt har funne og så skal vi ta oss tid til å drøfte det med fleire av dei som skal vere med å bestemme framtida vår.

Og til slutt, Jon Georg: Bønder sutrar ikkje, men det hender vi bit tennene saman så hardt at vi får tårar i augo.

Oddvar Mikkelsen, leiar Møre og Romsdal Bondelag

Koronavirus mot klimakur

- Koronaviruset har gitt samfunnet ein kraftig vekkjar, og heller ikkje klimadebatten bør bli den same etter krisa, skriv skribent i Nationen, Audun Skjervøy, bonde frå Valldal og nyvalt styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.

Meld deg som husdyravløyser!

Landbrukstenestene i Møre og Romsdal samarbeider med kommunene i sitt ansvarsområde om å bygge opp en reservestyrke for husdyravløsning dersom behovet for ekstramannskap oppstår i forbindelse med Korona-pandemien.

Må bevare kanaliseringspolitikken

- Selv om regjeringen skulle legge mye penger på bordet, bør vi ikke inngå en avtale som ikke bevarer kanaliseringspolitikken, skriver styret i Møre og Romsdal Bondelag i sin uttale til jordbruksforhandlingene 2020.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Vellykket konferanse om levedyktig landbruk

Vel 170 personer deltok på den årlige næringskonferansen for landbruket i Møre og Romsdal i Molde fredag 6. mars om levedyktig landbruk. Det ble en vellykket konferanse med godt faglig påfyll for deltakerne.

UTSATT temadag eigarskifte

Temadag eigarskifte laurdag 28. mars er utsatt til situasjonen med koronaviruset normaliserer seg og vi kan gjennomføre møter igjen. Mest sannsynlig blir det ny temadag eigarskifte ein laurdag i september/oktober, men dato blir ikkje fastsett før i midten av august.

Kompliserte ordninger når bonden skal ha barn

Konrad Kongshaug fra Averøy er gjenvalgt som fylkesleder i Møre og Romsdal Bondelag. I en uttale om «når bonden skal ha barn» krever fylkesårsmøtet at bondeyrket må bli lettere å kombinere med graviditet og fødsel

Dette skjer i Møre og Romsdal Bondelag

Onsdag
27
mai

Styremøte M&R Bondelag

Molde
Mandag
23
november

Skattekurs og temakurs

Alexandra Hotell, Molde
Fredag
05
mars

Fylkesårsmøtet 2021

Hotell Alexandra, Molde

Våre samarbeidspartnere