Kven bør sitte i fylkesstyret?

Kjenner du nokon som du tenkjer kunne gjere ein god jobb i fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag? Kom med forslag til valnemnda innan 15.desember!
- Vi i valnemnda hadde vårt første møte i samband med Leiarmøtet i november. No er vi klare til å ta imot framlegg på kandidatar til verv i fylkeslaget, seier leiar i nemnda Odd-Harald Solheim.
- Uavhengig av kva svar vi får frå noverande tillitsvalde, ynskjer vi innspel på kandidatar til ulike verv i fylkeslaget. Vi set stor pris på innspel frå lokallaga.
Desse sit i valnemnda i fylkeslaget:
- Leiar i valnemnda: Odd-Harald Solheim, Smøla
- Nestleiar i valnemnda: Grete Skar Misfjord, Vestnes
- Medlem: Peder Hellebostad, Sunnylven
- Medlem: Anne Kristina Haram, Ytre Haram
- Medlem: Anne Saltrø Polden, Surnadal
E-postadresser og telefonnummer til medlemene i valnemnda finn du her.
Fylkesårsmøtet skal vere i Molde fredag den 3. og laurdag den 4. mars 2023. Resultatet av valnemnda sitt arbeid vil vere klart i god tid før årsmøtet.