I forslaget til statsbudsjett for 2025 opnar ikkje regjeringa for at fleire jordbruksvarer skal over frå krone- til prosenttoll – noko som ville ha vore eit viktig grep for å sikre at norske jordbruksprodukt blir konkurransedyktige i den norske marknaden. For mange slike varer har importen nådd eit så høgt nivå at det set norsk matproduksjon under press.

– Det har vore eit uttrykt mål for regjeringa å auke sjølvforsyninga. Denne jobben blir vanskelegare når regjeringa ikkje styrkjer importvernet. Det er synd at dei i årets forslag til statsbudsjett ikkje held fram med den viktige jobben dei begynte på.

Dei fleste jordbruksvarer har i dag ein fast kronetoll ved import. Verdien av tollen blir derfor lågare når inflasjonen fører til høgare prisar. Dette svekkjer importvernet fordi det vil løne seg å importere varer frå utlandet framfor å handle varer frå norske produsentar. Prosenttoll kan løyse dette problemet, fordi tollen da aukar i takt med prisstiginga.

– Importvernet er avgjerande for å kunne gi konkurransedyktige prisar på produkt som vi har gode føresetnader for å produsere sjølve, understrekar Ulfsnes.

Skal dei fattige i verda verkeleg dyrke maten for oss?

– Norske myndigheiter har ansvar for at vi i Noreg produserer mest mogleg sjølve. Det kan vere billegare å kjøpe matvarer produserte av fattige bønder på andre sida av jorda, men det er ikkje slik vi løyser den global fattigdommen, og det er til skade for dei lokale marknadene. Samtidig blir matsikkerheita og totalberedskapen i Noreg svekt, seier Ulfsnes.

– Vi seier ikkje at det skal innførast tollmurar på kaffi og bananar. Det kan vi ikkje dyrke i Noreg. Men importvernet på storfekjøt og grønsaker bør styrkjast. Tenk at det blir ete lam frå New Zealand i Noreg samtidig som vi produserer det beste og reinaste lammekjøtet i verda her i fylket, held han fram.

Fleire grønsaker treng tollvern

Etter forhandlingar med budsjettpartnaren SV innførte regjeringa i år prosenttoll på poteter. Det var eit viktig skritt i rett retning, meiner leiaren i Møre og Romsdal Bondelag. Han meiner samtidig at det vil styrkje produksjonen av frukt, bær og grønsaker i Noreg om det blir innført prosenttoll på fleire produkt.

– Også norske eple, løk og andre frukter og grønsaker som vi har gode føresetnader for å dyrke meir av, treng eit sterkare importvern, sier Ulfsnes.

- I år, som tidlegare år, ser vi at norske eple og plommer må konkurrere om hylleplassen med langreiste utanlandske varer i den beste norske sesongen. Det er tragisk når det fører til at tonnevis med god frukt må kastast. Bøndene taper viktige inntekter, og sjølvforsyninga vår blir svekt. Eg håper budsjettforhandlingane i år kan bidra til at vi får ein slutt på slikt sløseri, avsluttar Olav Håkon Ulfsnes.