Audun Skjervøy dyrkar språk, jordbær, poteter og grønsaker i Valldal, og er saman med fire andre personar faste skribentar i avisa Nationen fredagar.

Her er Audun Skjervøy sine tankar om koronakrisa, klimakuren og drøvtyggarane som sto på trykk i avisa fredag 20. mars:

Koronavirus mot klimakur

Koronaviruset har gitt samfunnet ein kraftig vekkjar, og heller ikkje klimadebatten bør bli den same etter krisa.

Dei som ikkje har sett at «Klimakur 2020» gir oppskrifta på ein katastrofe for norsk matforsyning og mattryggleik, må vel snart vakne? Bit dykk fast i fjøsdørene, husdyrbønder! Snart vil dei jamvel dei argaste klimaforskarane bønfalle dykk om å gå inn til drøvtyggarane igjen.

Det er ein ørliten, men fin kuldegrad her i dag. Det ligg framleis litt snø utover markene, og jordbæråkrane våre er godt beskytta av vinterduken. Fire rådyr trippar langs skogkanten – innanfor hjortegjerdet, naturlegvis; så fin vinter som dei har hatt, reknar eg med at dei er mangedobla når sommaren er over og vi kan gi årstida nytt namn. Sola er i ferd med å krype ned fjellsida mot garden. Ungane sit på kvart sitt rom og har heimeskole. Humøret er godt og galgenhumoren som han bruker å vere her i huset: svart og innful. Reine idyllen, med andre ord.

«Idyllen er djevelskapen i forkledning», seier ein nokså moderne aforisme. Han byggjer heilt sikkert på livserfaring og gjeld også i dag. Aldri har vi stått framfor ein sesong med større uvisse enn i år. Det gjeld ikkje berre oss. Det gjeld alle innanfor landbruket som driv med bær, frukt, grønsaker, salatar ... Ja, produksjonar som er arbeidskrevjande, og som trekkjer til seg eit stort tal sesongarbeidarar frå andre land. Kva skjer med arbeidshjelpa vår i år? Kva skjer med avlingane våre?

Spørsmåla skal få henge i lufta, for ingen av oss har svar på dei i dag. Vi er dessutan ikkje verre stilte enn mange andre næringar i landet. Dei står overfor liknande og like alvorlege problem. Likevel dreier det seg om matproduksjon – og det dreier seg om produksjon av «grøn» mat – den maten som skulle redde både oss og klimaet i framtida. Det begynner kanskje å demre for oss kor sårbare vi blir om vi skal satse alt på eitt kort. Det begynner kanskje å demre for oss kor sårbare vi blir om vi skal satse alt på eitt kort.

Det som samtidig slår meg, er at rundt om i tusenvis av fjøsar landet rundt står trufaste slitarar og produserer mat for oss. Dei gumlar på gras – eller tygg drøv, som det helst heiter – for å utnytte næringa i tungt fordøyeleg gras. Dei blir ikkje smitta av koronaviruset. Dei kan greie seg med fôr dyrka på norske bøar. Om somrane kan mange av dei finne seg mat der vi knapt kan fote oss sjølve. Dei produserer proteinrikt kjøt og næringsrik mjølk. Og det trengst ikkje ein veldig stor arbeidsstokk for å stelle dei slik at dei skal yte sitt beste. I mange, mange tilfelle greier bonden og familien hennar dette fint sjølve.

Desse matprodusentane er blitt klimaverstingar i Miljødirektoratets Klimakur 2020. Dette er dei vi helst skal ha ut av den norske matproduksjonen for å bli kvitt det raude kjøtet slik at vi kan sendast inn i eit kosthald med meir planteføde og mindre raudt kjøt – og mindre mjølk.

I dei kristetidene vi er inne i no, blir klimagassmatematikkens manglande realitetsorientering meir og meir openberr: Det blir sett likskapsteikn mellom fossil karbon og biologisk karbon: Karbon som kjem frå naturlege kretsløp og ikkje tilfører atmosfæren ekstra metan eller CO2, og som følgjeleg heller gir ikkje ekstra klimaeffektar, får i desse reknestykka same verdi som fossilt karbon; karbon som er brote ned og lagra i sediment over fleire hundre millionar år, og som blir sleppt ut som metan og CO2 i atmosfæren på eit par hundreår – med enorme klimaeffektar.

For kvar dag som går med nye tiltak mot koronaviruset, blir det også meir og meir tydeleg at Klimakur 2020 eigentleg gir oss ei oppskrift på ein nasjonal matkatastrofe nettopp fordi kuren også handlar om å setje inn tiltak mot ein del av landbruket og matproduksjonen som er berekraftig – også i klimasamanheng.

Den norske matproduksjonen treng mange bein å stå på. Og mattryggleiken for innbyggjarane her til lands er avhengig av at vi greier å produsere mest mogleg av maten vår i Noreg. Slikt er lett å gløyme i tider når matproduksjonen og verdshandelen går uhindra, men det blir påtrengande tydeleg når landbruket, handelen og ferdselen mellom land blir sett på prøve.

Vi skal nok «stå han av» i år også. Vi skal vel til og med greie å opprette ein slags idyll igjen. Men koronaviruset har gitt samfunnet ein kraftig vekkjar, og heller ikkje klimadebatten bør bli den same etter dette.