Kom med innspel til valnemnda!

Valnemnda er i gang med sitt arbeid og ønskjer innspel frå lokale Bondelag og medlemmar.
-Det er de som kjenner alle dei dyktige folka i dykkar lokallag, og vi er avhengige av innspel for å vite kven vi bør kontakte, seier leiar av valnemda, Anne Saltrø Polden.
- Har de flinke folk i lokallaget som kan vere aktuelle for tillitsverv i fylkeslaget, anten i år eller i framtida, vil vi gjerne vite kven dei er. Og det er heilt lov å tipse oss om seg sjølv, sier ho vidare.
Til årsmøtet er følgjande verv på val:
Styret:
- Leiar (for eitt år)
- Nestleiar (for eitt år)
- Styremedlem (for to år)
- 3 vararepresentantar (for eitt år)
Andre verv:
- Ordførar
- 5 utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag
- 5 varautsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag
- 2 medlemmar i valnemnda
- 3 varamedlemmar i valnemnda
Vi håper de sender oss innspel. Fristen er sett til 5. januar, men kom gjerne med innspel fortløpande.
Innspel kan sendast til sekretær for valnemnda, Mathias Malmgren, på mathias.berstad.malmgren@bondelaget.no eller leiar av valnemnda, Anne Saltrø Polden, på anne6430@gmail.com.