Klar melding om beredskap og matsikkerheit

– Vi må vere førebudde på uføresette hendingar, og eit robust landbruk er avgjerande for båre nasjonal og lokal matsikkerheit, sa fylkesleiaren til årsmøtet.
Med 25 engasjerte og innsiktsfulle innlegg i generaldebatten var matsikkerheit, beredskap og framtida for landbruket i fylket hovudtema på årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag i Molde sist helg.
Fylkesleiar Olav Håkon Ulfsnes understrekar at det er nødvendig med tydelege krav til styresmaktene for å sikre eit sterkt landbruk.
– Det er vårt ansvar som faglag å fortelje politikarane kva som må til for å sikre god beredskap og matsikkerheit, seier Olav Håkon Ulfsnes.
Eit sentralt tema i den politiske talen han heldt for årsmøtet, var behovet for å snu den negative utviklinga med nedlegging av gardsbruk og jordbruksareal som går ut av drift.
– Historia har vist oss kor viktig matberedskap og sjølvforsyning er. Etter andre verdskrigen hadde vi kontroll på matberedskapen, men den er gradvis blitt svekt. Dei siste åra har vi sett kor viktig det er å vere førebudd på uføresette hendingar. Eit robust landbruk styrkjer matsikkerheita og gjer oss betre rusta mot kriser, seier Ulfsnes.
Han påpeikar vidare at landbruket ikkje berre er ein nøkkel for matforsyning, men også ein avgjerande faktor for nasjonal tryggleik i ei uroleg tid.
Møre og Romsdal Bondelag understrekar at rammevilkåra for bøndene i fylket må bli betra, og at styresmaktene må ta grep for å sikre rekruttering og lønsemd i landbruket. Dette var også eit gjennomgåande tema i debatten under årsmøtet.
Attval av fylkesstyret
I tillegg til attval av Olav Håkon Ulfsnes som leiar, vart Kjersti Fløystad Ellingsgård attvald som nestleiar. Styret elles held fram med dei same styremedlemmene som i førre periode: Kristin Gilje Sandnes (Indre Storfjord Bondelag), Lars Olav Vanberg (Ørsta Bondelag), Audun Skjervøy (Indre Storfjord Bondelag) og 1. vara Marius Dahle Klever (Rauma Bondelag).
Det var også attval på 2. og 3. vara: Ane Malene Søvik Nygård (Vanylven Bondelag) og Sofie Rebekka Høybakk (Giske Bondelag).
Oddvar Mikkelsen blei takka av som ordførar etter at han i fleire år har leidd møte og konferansar i fylkeslaget med stødig hand. Årsmøtet valde Ole Henrik Rindli frå Nesset som ny ordførar.