Kurs i eigarskifte
Saman med våre samarbeidsadvokatar arrangerer Møre og Romsdal kurs i eigarskifte av garden
Studiemateriellet knytt til jordbruksforhandlingane til våren er klart og finst både digitalt og på papir.
Like før jul vart studiemateriellet som skal nyttast i innspelsrunda før årets jordbruksoppgjer sendt ut til dei tillitsvalde i lokallaga. Studieheftet, spørsmål, videoar og anna kunnskap om årets innspelsrunde finn du også på Norges Bondelag si heimeside:
https://www.bondelaget.no/drift-av-lokallag/studiearbeid/
Har du innspel så nøl ikkje med å ta kontakt med lokallaget ditt. Lokallaget har frist til 18. februar med å kome med sine innspel til fylkeslaget i forkant av årets oppgjer.