Innsamling av landbruksplast – kva skjer?

Det blir arbeidd med å få nye i gang nye innsamlingsrutinar etter at fleire interkommunale renovasjonsselskap slutta i ta imot landbruksplast i år.
• Returordninga for landbruksplast er ei frivillig ordning som bransjen sjølv har teke initiativ til. Det er i dag ikkje eit lovfesta produktansvar for denne plasten. Unntaket er PP-sekker og hardplastemballasje.
• Fram til 1. januar 2024 hadde Plastretur nasjonalt ansvar for returordninga og sørga for å samle inn og gjenvinne plast i heile landet gjennom avtalar med over 70 innsamlarar.
• Frå 1. januar 2024 blei returordninga delt mellom Plastretur og Norsirk. Plastretur mista 60 prosent av vederlagsinntektene og måtte redusere innsamlinga tilsvarande. (Kjelde: Grønt Punkt Norge)
Det er stor frustrasjon blant bøndene i fylket etter at fleire interkommunale renovasjonsselskap har slutta å samle inn og ta imot plast. Somme stader fylket står bøndene utan ei tilfredsstillande ordning for landbruksplasten fordi det verken er innsamlingsordningar som fungerer, eller mottak som vil ta imot plasten gratis, slik intensjonen med ordninga er.
Bøndene betaler ei miljøavgift som skal dekkje returordninga for plast. Miljøavgifta blei auka til kr 3,15 i 2025. Det at mange bønder for tida står utan gratis innsamlingsordningar, er følgjeleg ikkje i tråd med intensjonen bak ordninga.
Alle selskap, både offentlege og private, som skal samle inn og ta imot landbruksplast, er pålagde å ha ein avtale med Norsirk eller Plastretur AS. Det er dei som har produsentansvar for landbruksplasten. Per dags dato manglar fleire interkommunale renovasjonsselskap ein slik avtale, blant dei er Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap (RIR).
Store kostnader
Det blir jobba med å få på plass varige løysingar. Men for mange interkommunale renovasjonsselskap er kostnadene knytte til ordninga med landbruksplast blitt så høge at dei taper pengar på å ta i mot landbruksplasten slik ordninga har vore til no.
Møre og Romsdal Bondelag har kartlagt korleis situasjonen er rundt om i fylket. I dei aller fleste kommunane er det heldigvis råd å bli kvitt landbruksplasten gratis ved å levere han til mottak, sjølv om det ikkje er gratis innsamlingsordningar overalt.
Vi har laga ei oversikt som kjem til å bli oppdatert etter kvart som vi får inn nye opplysningar. Oversikta finn du her. Tips oss gjerne om du finn feil eller har oppdatert informasjon!
Størst problem på søre Sunnmøre
På søre Sunnmøre ser det ut til at dei er utan både gratismottak og innsamlingsordning for landbruksplast etter at Retura Søre Sunnmøre AS ved nyttårstider slutta å ta imot plast kostnadsfritt. Ordninga blei for dyr for selskapet, opplyser dei sjølve. Det er framleis mogleg å levere landbruksplast til selskapet mot betaling.
På indre og nordre Sunnmøre driv Stranda Gjenvinning & Transport framleis med innsamling av landbruksplast gratis. Men selskapet understrekar at økonomien er pressa, og at det er viktig at bøndene leverer rein og sortert plast. Det er eit problem at farga og kvit plast blir blanda, og aller helst vil dei berre ha kvit rundballeplast i retur. Den er enklast å resirkulere.
– Bruk heller ei spraymåling for å merkje rundballar frå dei ulike slåttane enn ulike fargar på plasten, oppfordrar Stranda Gjenvinning & Transport.
– Får vi inn berre kvit plast, kjem vi til å halde fram med å samle inn landbruksplast, opplyser Stranda Gjenvinning.
Også på ytre Sunnmøre er det mogleg å bli kvitt landbruksplasten gratis på mottak, sjølv om det ikkje er gratis innsamlingsordningar for tida. Både Franzefos Gjenvinning på Hareid og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS tek imot gratis.
I Romsdal og på Nordmøre er det fleire aktørar som tek imot plast gratis. Og dei fleste hentar også på gardane mot betaling.
Felleskjøpet hentar gratis
Felleskjøpet har i fleire år henta rundballeplast gratis på gardane i fylket vårt – og i resten av landet med unntak av Rogaland og Agder. Men Felleskjøpet stiller fleire krav til plasten dei hentar inn:
- Den må vere pressa i ballar ved hjelp av ei manuell eller mekanisk emballasjepresse. Felleskjøpet godtek ikkje heimelaga presser.
- Plasten skal vere rista før han blir lagd i pressa.
- Det skal berre vere rundballeplast.
- Den må vera lagra tørt, på pallar eller anna underlag som gjer at plasten kjem opp frå underlaget.
- Rundballenett blir samla for seg. Dei kan leggjast i storsekk og leverast gjennom ei eiga innsamling av storsekkar og PP-plast i regi av Felleskjøpet.
Bønder kan søkje om tilskot til kjøp av plastpresse frå Gjensidige/Bondelaget gjennom ordninga for individuelle tiltak på eigen gard. Vilkåret er at ein er medlem i Norges Bondelag og kunde i Gjensidige Forsikring.
Du kan lese meir om Felleskjøpets innsamlingsordning for rundballeplast her.
Utfordringar i Midt-Noreg
Innsamlinga av landbruksplast i Midt-Noreg har dei siste åra møtt fleire utfordringar, særleg etter endringar i returordninga frå 2024. Tidlegare hadde Plastretur ansvaret for ei landsdekkande ordning, men etter at Felleskjøpet Agri trekte seg ut og inngjekk avtale med returselskapet Norsirk, mista Plastretur 60 prosent av inntektene som finansierte den nasjonale returordninga. Dette førte til redusert innsamling og underfinansiering gjennom heile 2024.
I starten av 2025 eskalerte problema i Midt-Noreg då fleire innsamlingsselskap, inkludert Remidt, Innherred Renovasjon IKS, MNA og Retura Søre Sunnmøre AS, stoppa innsamlinga av landbruksplast. Desse aktørane meinte at den økonomiske støtta dei fekk var for låg til å oppretthalde ei berekraftig drift. Grønt Punkt Norge AS, som Plastretur AS er ein del av, hevdar at hovudårsaka til dette var at Norsirk reduserte vederlaget som finansierer innsamlinga, med 20 prosent i januar 2024, noko Plastretur tidlegare hadde åtvara mot.
Desse utfordringane understrekar behovet for ei stabil og tilstrekkeleg finansiering av returordninga for landbruksplast. Dei viser også at det er behov for eit tett samarbeid mellom alle aktørar for å sikre effektiv innsamling og gjenvinning. Plastretur har tatt til orde for å igjen ta nasjonalt ansvar for heile returordninga for landbruksplast. Dei meiner at bøndene taper på ein delt marknad som fører til usikker og ujamn innsamling.
Dette kan du lese meir om hos Grønt Punkt Norge.
Plast i naturen kan koste dyr livet
Mangelfull innsamling og handtering av landbruksplast kan få alvorlege konsekvensar for miljøet og dyrelivet. NRK Vestland skreiv nyleg om ein hjort som vart funnen død i Sunnfjord med store mengder plast i magen.
– Det er ikkje uvanleg at hjort får i seg plast, men denne hadde mykje meir enn vi hadde sett før, sa veterinær Elin Fosse til NRK.
For å unngå slike tragiske konsekvensar må landbruksplasten bli samla inn og resirkulert på ein forsvarleg måte. Effektive innsamlingsordningar og auka medvit blant bønder og forbrukarar er avgjerande for å redusere plastforureininga og beskytte dyrelivet.