Prisen blei delt ut på årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag 7.–8. mars.

Hustadvika Bondelag har hatt eit aktivt år med stor innsats for medlemmene og landbruket i kommunen. Laget har vore engasjert i kommunens landbruksråd og har markert seg i landbrukspolitiske saker. Dei har gitt innspel til jordbruksforhandlingane, deltatt på aksjonar og arrangert ei rekkje medlemsmøte og sosiale samlingar.

«Landbruk i havgapet»

Blant aktivitetane i 2024 har det vore medlemsmøte om biogass og kantsoneproblematikk, i tillegg til sosiale arrangement som julebord og bondepub.

Laget har også lagt ned ein stor innsats i å planleggje og gjennomføre den nasjonale næringskonferansen «Landbruk i havgapet», som samla deltakarar frå heile landet til fagleg påfyll og diskusjonar om framtida for landbruket og den viktige rolla bøndene speler for matberedskapen.

Prisen består av eit diplom og ein prispremie på 5000 kroner. I tillegg blir Hustadvika Bondelag nominert til den nasjonale konkurransen om å bli årets lokallag i Norges Bondelag.

Vi gratulerer med ein velfortent pris!