- Norddal og Herdalen har eit fantastisk heilskapleg kulturlandskap. Det er svært godt bevart gjennom allsidig bruk. Eit variert dyrehald, godt bevarte bygningar, dyrka jord i bratt terreng, beite, setrer og tradisjonell skjøtsel har gjeve eit eineståande kulturlandskap, sa statsforvaltar Else-May Norderhus. Saman med fylkesordførar Tove Lise Torve delte ho ut prisen. Det skjedde på Petrines Gjestgiveri i Norddal.

Kulturlandskapsprisen vert delt ut kvart år av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Prisen er ei påskjønning til dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.

Kulturlandsskapsprisen blir gitt til heile bygda Norddal og Herdalen. Her er det mange eldsjeler og mykje aktivitet knytt til skjøtsel og formidling av kulturlandskapet. 

- Verdiane i dette kulturlandskapet gjev bygda ein attraktivitet som både de som bur her og tilreisande får glede av. Lokalt reiseliv er godt utvikla og gir grunnlag for arbeid, busetnad og lokal samfunnsutvikling. Her er det mange verksemder som driv med basis i lokal kultur og natur, frå fjord til fjell. I samarbeidsnettverket «The happy end» er det 14 verksemder som tilbyr eigenprodusert mat, overnatting og aktivitetar, sa statsforvaltaren i sin tale i dag.

Tekst: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.