Foto: Møre og Romsdal fylkeskommuneFylkesutvalet handsama og vedtok på møtet 27. januar Møre og Romsdal fylkeskommune sin uttale til jordbruksforhandlingane 2014. Fleire punkt og tillegg i uttalen vart vedteke mot røystene til representantar for dei to regjeringspartia Høgre og Frp.

Uttalen og saksframlegget i PDF – klikk her

Her er uttalen frå fylkesutvalet:

Møre og Romsdal fylkeskommune vil komme med følgjande uttale framfor jordbruksforhandlingane i 2014:

  • Det er avgjerande for framtidig matproduksjon i landet at landbruksnæringa blir sikra gode nok rammevilkår til at nye generasjonar finn det økonomisk interessant og forsvarleg å overta gardsbruk og drive vidare med gardsdrift. Det er spesielt viktig at ein ved komande og seinare jordbruksoppgjer har som mål å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet.
  • Det er viktig at rammevilkåra blir utforma slik at dei bidreg til å oppretthalde eit aktivt landbruk i heile landet.
  • Inntektsmidlane over jordbruksavtalen må fortsatt vere innretta slik at dei ivaretek dei grasbaserte produksjonane i distrikta samt ein variert bruksstruktur.
  • Det er positivt at det vart innført tilskot til grøfting. Ordninga må førast vidare med auka ramme i komande avtaleperiode, og ein større del av ramma for grøftetilskot bør gå til dei mest nedbørrike fylka.
  • Det er viktig å betre finansieringsordningane for å bidra til fornying av bygningsmassen i landbruket.
  • Infrastruktur er ein flaskehals når det gjeld aktivitet i skogbruket. For å få til auka avverking og uttak av tømmer/skogsvirke, trengs det nye måtar å ta ut tømmeret på i tillegg/supplement til skogsvegar. Kommune- og fylkesveger i skogbruksområde bør dimensjonerast for tømmertransport
  • Fylkesutvalet viser til omlegginga frå kronetoll til prosenttoll på ein del landbruksprodukt som Stortinget vedtok i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2013, og ber om at denne endringa i tollsatsar ikkje blir reversert. Prosenttoll er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, særleg for melkeprodusentar.
  • Fylkesutvalet viser til den kraftige avgiftsauken på anleggsdiesel som vart innført frå 1. januar. Det er vanleg med eit forbruk av diesel i storleik 10 000 til 30 000 liter pr år på gardsbruk, avhengig av produksjonsareal og tal på dyr. Eit avgiftshopp på 81 øre pr liter diesel vil difor nulle ut store delar av fjorårets gode jordbruksavtale, som sikra eit gjennomsnitts gardsbruk ein inntektsvekst på 31 000 kr pr årsverk. Også for skogbruket er ein slik avgiftsauke dramatisk med tanke på lønsemd ved avverking. Fylkesutvalet føreset at avgiftshoppet på anleggsdiesel blir fullt ut kompensert i årets jordbruksoppgjer, og at denne kompensasjonen ikkje blir rekna med som ein del av inntektsveksten for norske bønder i komande avtaleperiode.

 

Under handsaminga av uttalen i fylkesutvalet vart desse forslaga til endringar og tillegg sett fram:

Steinar Reiten (KrF) fremma på vegner av seg sjølv og Oddbjørn Vatne (SP) følgjande endringsforslag:

«Tillegg kulepunkt 1, ny setning:

Det er spesielt viktig at ein ved komande og seinare jordbruksoppgjer har som mål å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. (Vedteke mot fire røyster (H, 1 Frp))

Endring kulepunkt 4, andre setning:

Ordninga må førast vidare med auka ramme i komande avtaleperiode, og ein større del av ramma for grøftetilskot bør gå til dei mest nedbørrike fylka. (Vedteke mot 5 røyster (H, Frp))

Nye kulepunkt:

  • Fylkesutvalet viser til omlegginga frå kronetoll til prosenttoll på ein del landbruksprodukt som Stortinget vedtok i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2013, og ber om at denne endringa i tollsatsar ikkje blir reversert. Prosenttoll er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet, særleg for melkeprodusentar. (Vedteke mot 5 røyster (H og Frp))
  • Fylkesutvalet viser til den kraftige avgiftsauken på anleggsdiesel som vart innført frå 1. januar. Det er vanleg med eit forbruk av diesel i storleik 10 000 til 30 000 liter pr år på gardsbruk, avhengig av produksjonsareal og tal på dyr. Eit avgiftshopp på 81 øre pr liter diesel vil difor nulle ut store delar av fjorårets gode jordbruksavtale, som sikra eit gjennomsnitts gardsbruk ein inntektsvekst på 31 000 kr pr årsverk. Også for skogbruket er ein slik avgiftsauke dramatisk med tanke på lønsemd ved avverking. Fylkesutvalet føreset at avgiftshoppet på anleggsdiesel blir fullt ut kompensert i årets jordbruksoppgjer, og at denne kompensasjonen ikkje blir rekna med som ein del av inntektsveksten for norske bønder i komande avtaleperiode. (Vedteke mot 3 røyster (H))
  • Fylkesutvalet ber om at taket på melkekvotar ikkje blir fjerna, og at dei gjeldande kvotetaka for enkeltbruk og samdrifter blir vidareført med eventuelle mindre justeringar. Dersom ein skal oppretthalde ein variert bruksstruktur med landbruk i heile landet, er ordninga med kvotetak eit viktig verkemiddel.» (Forslaget fekk 6 røyster (AP, SP 1V, Uavh, KrF) og fall, medan 7 røysta mot (1V, H, FrP og Sml).)

 

Gunn Berit Gjerde (V) fremma følgjande endringsforslag:

«Endring av siste del av siste punkt:

........., trengs det nye måtar å ta ut tømmeret på i tillegg/supplement til skogsvegar. Kommune- og fylkesveger i skogbruksområde bør dimensjonerast for tømmertransport.» (Samrøystes vedteke.)

 

Votering over dei ulike forslaga:

Tilrådinga sitt kulepunkt 1 vart samrøystes vedteke

Forslaget om tillegg til kulepunkt 1 frå Steinar Reiten og Oddbjørn Vatne vart vedteke mot fire stemmer (H, 1 Frp)

Tilrådinga sine kulepunkt 2 og 3 vart samrøystes vedteke

Tilrådinga sitt kulepunkt 4: 1. setning vart samrøystes vedteke.

Forslaget om endring av 2. setning i kulepunkt 4 frå Steinar Reiten og Oddbjørn Vatne vart vedteke mot 5 røyster (H, Frp)

Tilrådinga sine kulepunkt 5 og 6, inkl. Gunn Berit Gjerde sitt endringsforslag til kulepunkt 6, vart samrøystes vedteke.

Forslaget frå Steinar Reiten og Oddbjørn Vatne om 3 nye kulepunkt:

  • 1. nye kulepunkt vart vedteke mot 5 røyster (H og Frp)
  • 2. nye kulepunkt vart vedteke mot 3 røyster (H)
  • 3. nye kulepunkt fekk 6 røyster (AP, SP 1V, Uavh, KrF) og fall, medan 7 røysta mot (1V, H, FrP og Sml).