Nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll.Her er pressemeldinga som vart sendt ut 5. juli frå Møre og Romsdal Bondelag:

Fòrmangel – kan vi bidra?

Det er alvor no. Tørka har allereie gjort stort innhogg i vinterfòret i Sør-Norge, og den bare fortsett. Resten av Nord-Europa er også ramma, så det er lite å få kjøpt der. I dei mest ramma områda er dei no i ferd med å slakte ut deler av buskapen.

Her i Møre og Romsdal er det varierande etter jordtype og lokal nedbør, men mange av oss er ikkje av dei hardast ramma. Vi bør i dette kriseåret vurdere om det er noko vi kan bidra med.

Er det mogleg å gjødsle litt ekstra for å hente litt meir ut av enga? Ta ein ekstra slått til hausten?

- Vi har i fylket ein god del jord som ikkje blir hausta, eventuelt bare slått med beitepussar. I år bør det absolutt haustast dyrefòr frå desse. Få slått dei raskt, det kan i alle fall nyttast til hest. Og så blir det ein til slått seinare på sommaren. Dersom det er lenge sidan sist, må ein kanskje køyre bort den første slåtten, seier nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild Overvoll.

Ho påpeiker at med moderne slåtteutstyr går det fort å hauste nokre attleger. Det må da etablerast kontakt mellom grunneigar og slåtteentreprenør. Initiativet kan komme frå begge sider, og begge må kunne tene penger på samarbeidet.