Det skriv nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Gunnhild M. Overvoll, i eit lesarinnlegg.

Her er heile innlegget som er sendt media:

Feil frå Forsell

Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget er for tida i forhandlingar med Staten om jordbruksoppgjeret. Da skal ein vel halde seg heilt roleg og avvente resultatet. Men historieforfalsking som Staten sin forhandlingsleiar Leif Forsell stod for når han presenterte tilbodet frå staten, må ein likevel få korrigere.

Norsk jordbruk er i ei veldig positiv utvikling, påstår Forsell. Sanninga her i Møre og Romsdal er at sidan 2000 har jordbruksarealet vorti redusert med 12%, storfekjøttproduksjonen er redusert med 30%, mjølkeproduksjonen med 15% og lammekjøtproduksjonen med 19%. (Kjelde: Rapporten Vestlandsjordbruket – vinn eller forsvinn? Agri analyse 2/ 2016). For Sunnmøre sin del er utviklinga enno meir negativ, sidan internt i fylket har produksjon flytta seg frå sør til nord i fylket. Regjeringa sin politikk ikkje bare vidarefører, men forsterkar utviklinga.

Forsell forsøker også å gjere Bondelaget til gissel for sin politikk som gjer at vestlandslandbruket taper. For å gjere det heilt klart; Dette er ikkje etter Bondelaget sitt ynskje. I 2014 vart bondeorganisasjonane overkøyrde, det vart brot, og staten dikterte ei løysing som favoriserte større bruk, riktig nok noko modifisert i stortingsbehandlinga. I 2015 inngjekk Bondelaget ei avtale som eit kompromiss der vi fekk til ei inntektsauke men som i hovudsak nok ein gong gjekk til dei største bøndene. I 2016 har organisasjonane sagt at det er små og mellomstore bruk sin tur til å prioriterast.

Gunnhild M. Overvoll, nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag