Mathias Berstad Malmgren er 32 år og har allereie brei erfaring frå organisasjonsarbeid og kommunikasjonsarbeid, etter snart ti år i ulike jobbar i frivillige organisasjonar. Han karakteriserer seg sjølv som ein «organisasjonspotet» som er vant til å jobbe med mykje forskjellig. Han har hatt ansvar for oppfølging av medlemmer og lokallag, har erfaring med å planlegge og gjennomføre møter og arrangement, og har jobba mykje med tekst, film, foto og design på ulike plattformer.

Mathias har ei tydeleg interesse for landbruk. Han er opptatt av norsk matproduksjon og brenn for at norske bønder skal få både den respekten og den løna dei fortener. For tida er han valkamprådgjevar i SV. Etter valet går flyttelasset til Tornes i Hustadvika og han tek til ved fylkeskontoret i Molde 1.oktober. Vi er glade for at han har takka ja til stillinga og gler oss til han begynner.

Mathias tek over etter Anne Marit Riste som no er inne i si siste veke som rådgjevar ved fylkeskontoret.

Frå 1.juni går ho inn i ei nyoppretta stilling i Molde domprosti, der ho dels er personaladministrativ ressurs for prosten og dels er vikarprest i prostiet. Molde domprosti omfattar kommunane Molde, Hustadvika og Aukra.

(Foto: Ingebjørg Riste)