Dette er hovudbodskapen i ei pressemelding Møre og Romsdal Bondelag har sendt ut til media i Møre og Romsdal om tilbodet i jordbruksforhandlingane som staten la fram onsdag 7. mai.

Tilbodet har ei økonomisk ramme på 805 millionar kroner – langt under kravet frå jordbruket, som hadde ei ramme på 2 milliardar kroner.

– Eg er svært skuffa over at arbeidarpartiregjeringa bevisst legg opp til ein politikk som harmonerer dårleg med ambisjonane om økonomisk likestilling, auka sjølvforsyning og styrkt beredskap, seier Ulfsnes.

Nytt inntektsgap – i strid med målet

Eit sentralt poeng i årets krav frå jordbruket er å sikre bønder inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet. Det er heilt avgjerande for å halde oppe matproduksjonen i heile landet.

– Tilbodet frå staten legg opp til at bøndene igjen skal sakke akterut. I 2026 vil det oppstå eit nytt inntektsgap på 8700 kroner per årsverk, etter at det låg an til å bli tettet i 2025. Det harmonerer dårleg med Arbeidarpartiet sine eigne ambisjonar om økonomisk likestilling og styrkt beredskap, seier Ulfsnes.

Jordbruket sitt krav: – Nøkternt og målretta

Jordbruket leverte eit samla krav 28. april, med tydelege prioriteringar: Auka matproduksjon over heile landet, styrkt sjølvforsyning og betre velferdsordningar. Det vart spesielt lagt vekt på å løfte produksjonar med lågast inntekt, som sau og ammeku.

– Kravet var nøkternt, men hadde tydelege prioriteringar. Eg er overraska over at staten med Arbeidarpartiet ved roret ikkje er villig til å jamne ut forskjellar innanfor næringa ved å løfte dei som tener minst. Det harmonerer dårleg med ønsket om at «alle skal med», legg han til.

Bøndene tek risikoen

Ulfsnes peikar også på at staten sitt tilbod bygger på altfor optimistiske anslag for kostnadsvekst.

Staten har i tilbodet sitt lagt til grunn ein lågare kostnadsvekst på innsatsfaktorar som kunstgjødsel og kraftfôr enn det landbruket har i kravet sitt. Forskjellen mellom anslaget til staten og anslaget til landbruket er over 300 millionar kroner. Det betyr at risikoen vert velta over på bøndene.

– Eg meiner det er ein reell risiko for at staten undervurderer kostnadene bøndene vil ha med å produsere mat, særleg knytt til bruk av kunstgjødsel, seier Ulfsnes.

– Dersom dette er tilfellet, vil inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet bli enda større i 2026 enn det staten har rekna inn i tilbodet sitt, noko som kan få svært alvorlege konsekvensar.

Svekt matberedskap i ei usikker tid

Ulfsnes avsluttar med ei sterk åtvaring:

– Vi står midt i den mest alvorlege tryggleikspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Tilbodet frå staten vil svekkje matberedskapen i ei tid når samfunnet elles førebur seg på kriser. Eg ser alvorleg på situasjonen. Dette er ikkje tidspunktet for å svekkje matproduksjonen, slår Ulfsnes fast.