Lesarinnlegget står på trykk i fleire aviser i dag. Her er heile innlegget:

Det var da voldsomt!

Landbruksministeren reagerer sterkt på Bondelaget sin bålaksjon mot jordbruksmeldinga, og bruker orda ubalansert og historielaust om den.

Eg meiner symbolikken er heilt på sin plass. Det er tross alt ei jordbruksmelding vi snakkar om, og den har som ambisjon å peike ut retninga for jordbrukspolitikken fleire år framover. Og norsk matproduksjon er ei sterkt politisk næring. Vi som bønder er veldig avhengige av den politikken som blir lagt. Og, vel å merke, jordbrukspolitikken har konsekvensar for langt fleire enn oss som prøver å hente inntekt frå å vere bønder. Ikkje minst har det konsekvensar for forbrukarar, for alle som bryr seg om kulturlandskapet og for næringsmiddelindustrien.

Og det er ikkje ei kva for helst jordbruksmelding vi snakkar om. Den framlagte jordbruksmeldinga peiker på ei heilt ny retning for politikken. Landbruksministeren har rett i at han kunne ha gått mykje lenger. I forhold til hans ambisjonar er det ein forsiktig start.

I Norge har vi over mange år utvikla eit regulert rammeverk, den norske landbruksmodellen, rundt matproduksjonen. Det er noko komplisert, eg er med på det, men samtidig finmaska nok til å ta vare på mange omsyn.

Den norske landbruksmodellen har i stor grad vori ein suksess. Vårt landbruk har store distriktseffektar, produserer trygg mat, har god dyrevelferd, vi har stor grad av tillit frå forbrukarane og samanlikna med våre naboland har bøndene større moglegheit til å leve av inntekta frå garden.

Alt er ikkje perfekt innanfor den norske landbruksmodellen. I stor grad botnar det i at modellen er underfinansiert. I nokon grad blir det da også slik at ‘Når krybba er tom bites hestene’, - at dei små meiner dei store får meir enn dei, eller at dei store tykkjer dei små får for mykje. Eller vi på Sunnmøre tykkjer dei på Jæren får for mykje og dei i Troms tykkjer dei i Finnmark får for mykje. Men i imponerande stor grad omfamnar norske bønder den norske landbruksmodellen og ser at både små og store bruk må til for å hente mest mogleg matproduksjon ut av landet sine 3% dyrka mark, som delvis kan vere ein ekstremsport å utnytte.

Landbruksministeren si løysing er å vrake den norske landbruksmodellen. Javel, ikkje fullstendig i denne meldinga, men han veit veldig godt at det er målet på sikt. Løysinga er liberalismen, som blir framstilt som det nye, moderne, som ein kontrast til den loslitte norske landbruksmodellen. Kostnadseffektivitet og konkurranse skal løfte landbruket vårt til nye høgder.

Vel, liberalismen er nok ikkje så ny og moderne. Den er utprøvd i mange av våre naboland. Bøndene der har det ikkje så bra. I Danmark heng store deler av landbruket under konkurstrussel. I Sverige har store deler av landet gått ut av landbruksproduksjon. Dei får billegare mat, men med konsekvensar for mattryggleik og dyrevelferd og også human helse.

Norsk landbrukspolitikk er ein oase og har vori svært vellykka. Til og med landbruksministeren innrømmer jo på sett og vi det. Innleiingsbiten av jordbruksmeldinga er jo full av skryt av det norske landbruket.

Men no, no må vi ha noko heilt nytt? Nei, vi må ikkje det. Vi vil ha utvikling av det norske jordbruket, men innanfor den norske landbruksmodellen.

Gunnhild M. Overvoll, Stranda, Nestleiar i Møre og Romsdal Bondelag