Vi viser til at Miljødirektoratet, med utgangspunkt i bestands- og skadesituasjonen, har gitt SNO i oppdrag å foreta tidleg felling av eit visst antal jerv i bestemte områder, både innafor og utafor forvaltningsområda.

Ordinær lisensfelling skal vera den normale metoden for regulering av bestanden. Men når jervebestanden, med påfølgjande skadeproblematikk, kjem i utakt med bestandsmål, slik tilfellet er i dag, meiner vi det er rett og bra at SNO får i oppdrag å foreta felling.

Så vidt vi forstår er det signalisert at oppdraga vil kunne bli forlenga og at det kan vera aktuelt å foreta uttak også i nye områder. Det kan vi absolutt slutta oss til.

I denne samanhengen vil vi gjerne kommentera følgjande:

1) Vi håpar det blir lagt vekt på at alle oppdrag blir effektuert og at felling så langt som muleg vil bli gjennomført. Begrensningar i fellingsperiode på tidleg vinter må ikkje vera begrensande for felling.

2) Ut frå bestands- og skadesituasjonen må vi be om at det blir gjennomført felling også i nye/andre områder, uavhengig av om det er innafor eller utafor forvaltningsområdet. Vi må i denne samanhengen minna om at det sæleg må takast omsyn til skadesituasjon og problematikk knytt til adkomst/tilgjengelighet. (Topografi, snø/skredfare, ingen vegadkomst, osv.) I så måte må vi særleg peika på behovet for felling innafor forvaltningsområdet i Rauma og Fjord kommunar.

3) Vi håpar at erfaringane frå pågåande tidlegfelling blir godt evaluert, med mål om at forvaltninga totalt sett skal bli betre. Foreløpig har vi merka oss at erfaringane så langt bør gje grunnlag for ei vurdering av:

  • Gjennomføring av ordinær skadefelling:

Når vi ser kor vanskeleg det no er å foreta tidleg felling v/SNO, framstår premissane og verkemidla for ordinær skadefelling som utilstrekkelege, særleg når vi veit at skadefelling oftast skal gjennomførast på barmark.  (Kort fellingsperiode, begrensa verkemidlar.)

  • Verkemidlar for lisensjakt:

I samsvar med punktet over meiner vi at også at erfaringane frå tidlegjakta så langt viser at dersom lisensjakta skal vera den ordinære metoden for regulering av bestanden må verkemidlane og premissane for for lisensjakt klart bli fleire/utvida.

4) Felling av jerv midtvinters er krevjande på mange måtar. Vi håpar at økonomi/finansiering i tillegg ikkje blir eit hinder for gjennomføring ekstraordinær felling.

 

Med venleg helsing

Konrad Kongshaug                                                                                      Atle Frantzen

Leiar                                                                                                                   Rådgjevar