Dette kjem fram i eit brev departementet har sendt til Møre og Romsdal Bondelag som svar på eit brev vi sende i januar i år der vi uttrykte stor uro over omfattande tap av sau til jerv i fylket, og etterlyste sterkare tiltak for å få bukt med rovdyrproblema i fylket.

Du kan lese heile brevet her.

Store tap i fleire kommunar

I brevet peikte Bondelaget blant anna på dei store tapa i Fjord (789 lam) Rauma (241 lam), og Sunndal (427 lam). Departementet viser til at Statsforvaltaren har behandla søknadene om erstatning, og at søknadsbehandlinga har ført til at følgjande tal sau og lam er erstatta som tapt til jerv i 2024:

  • Rauma: 195 dyr (31 dokumentert tapt til jerv)
  • Fjord: 555 dyr (48 dokumentert tapt til jerv)
  • Sunndal: 94 dyr (2 dokumentert tapt til jerv)

Totalt vart 844 sau og lam erstatta som tapt til jerv i desse tre kommunane, noko som understrekar dei store utfordringane beitenæringa står overfor, skriv departementet.

Jervebestanden i fylket

Ifølgje Rovdata sine tal for 2024 var jervebestanden innanfor forvaltningsområdet for jerv i  Møre og Romsdal på tre ynglingar. Dette samsvarer med bestandsmålet fastsett av rovviltnemnda. Likevel vart det registrert éin ekstra yngling i eit beiteprioritert område, noko som førte til at Miljødirektoratet gjennomførte eit ekstraordinært hiuttak våren 2024 for å redusere bestanden. Etter dette uttaket var jervebestanden komme i samsvar med det vedtekne bestandsmålet, heiter det i brevet frå Klima- og miljødepartementet.

Behov for ekstraordinære uttak

Departementet viser til at lisensfelling er hovudverkemiddelet for bestandsregulering av jerv, men erkjenner samstundes at lisensfelling ikkje er like effektiv i alle område. Difor er det gjennomført ekstraordinære uttak i skadeutsette område. Så langt denne sesongen har Statens naturoppsyn teke ut éin jerv i Møre og Romsdal, med eit mål om å felle inntil tre jervar innan 11. april 2025.

Departementet viser også til at Statens naturoppsyn er styrkt økonomisk i fleire rundar dei siste åra for å betre kapasiteten til både bestandsregulering, skadedokumentasjon og ekstraordinære uttak.

«Soneforvaltning»

I brevet peikar departementet også på at forvaltninga av rovvilt er basert på ei tydeleg soneinndeling, der somme område er prioriterte for beitenæring og andre for rovvilt. I beiteprioriterte område er terskelen for uttak av jerv låg, medan beitenæringa må tilpasse seg rovvilt i rovviltprioriterte soner. Departementet understrekar at uttak av jerv må skje med høg presisjon for å sikre at bestandsmåla vert oppnådde. Dette betyr at det no skal prioriterast sterkare uttak i dei delane av region 6 (Trøndelag og Møre og Romsdal) som er definerte som beiteprioriterte, og i område der jervebestanden overstig bestandsmålet.

Bondelaget følgjer opp

Møre og Romsdal Bondelag er framleis uroa for tapssituasjonen og meiner det er naudsynt med sterkare tiltak for å sikre beitenæringa i fylket. Slik situasjonen er no, er det tydeleg at dagens forvaltning ikkje fungerer godt nok for å hindre store tap.

Bondelaget vil halde fram med å følgje opp saka og arbeide for ei forvaltning som i større grad tek omsyn til beitenæringa i fylket.