Pressemelding 5. august 2018:

Bønder i Møre og Romsdal kan bidra i tørkekrisa           

- Bøndene i Møre og Romsdal kan bidra i tørkekrisa, seier fylkesleiarane Oddvar Mikkelsen i Bondelaget og Stein Brubæk i Bonde- og Småbrukarlaget. Dei oppmodar om å gjødsle på for å ta ein tredje slått på alt eigna areal og å hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra.

Sist veke kom det nye tal på forventa utbetaling av avlingsskadeerstatning etter tørken. Anslaget er på 1,1 mrd kroner. Dette er verdien av det avlingstapet som går utover bondens eigenandel på 30 prosent. Det totale avlingstapet er difor langt større enn 1,1 mrd, minst 2,5-3 mrd og i verste fall opp mot 5 mrd kroner etter dei anslaga som er gjort.

Sjølv om Møre og Romsdal ikkje er hardast råka er det likevel store lokale variasjonar og for ein del bønder her i fylket er også krisa eit faktum. - Det viktigaste bidraget vi kan gjere her i fylket er å hauste alt haustbart areal, både gjennom å gjødsle på for å ta ein tredje slått på alt eigna areal og ved å hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra. Alle som kan ha grovfôr til salgs oppmodar vi om å legge det ut hos landbruksrådgivinga eller selge direkte i nærområdet for å halde fraktkostnadene på eit minimum, seier Mikkelsen og Brubæk.

Det er utarbeida lister med kontaktinformasjon til kornbønder i Trøndelag for å kunne gjere direkte avtalar om kjøp av halm. Desse listene er sendt ut til bønder i Møre og Romsdal.

- Vi åtvarar mot å kjøpe importert fôr som ikkje har gått igjennom godkjent importør og er kontrollert av Mattilsynet. Det er betydeleg risiko for å få inn uønska planteartar og dyresjukdommar gjennom importert fôr. Alle som skal importere fôr er pliktige til å registrere seg som importør og halde seg til Mattilsynet sitt regelverk for import og kontroll, seier Oddvar Mikkelsen, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag og Stein Brubæk, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag.

Landbrukets organisasjonar arbeider tett med myndigheitene for å finne dei beste måtene å hjelpe landbruket på både praktisk og økonomisk. Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget opplever aukande politisk forståing for at dette no er ein ekstraordinær situasjon som krev særlege tiltak.

 

 

Møre og Romsdal Bondelag har også 5. august sendt ut e-post med informasjon til medlemmar i fylkeslaget:

Informasjon til medlemmar i Møre og Romsdal Bondelag

Som dei fleste no heilt sikkert har fått med seg, er det tørkekrise og stor fôrmangel i store delar av Sør-Noreg. Det viktigaste tiltaket vi kan gjere er å vere mest mogleg sjølvberga i vårt eige fylke. Vi oppfordrar difor om at alle gjødslar på att og prøver å berge ein tredjeslått på alt areal som kan vere eigna for slått i september månad. Nokre av dei brattaste areala og område som normalt er blaute kan ein la stå så ein ikkje får omfattande køyreskadar men alt anna areal kan haustast ein gong til gjennom slått eller beiting. 

Vi oppmodar til mest mogleg lokal omsetning av fôr slik at ein held fraktkostnadene nede.

For enkelte vil det ikkje vere nok tilgang på grovfôr lokalt.

Det er etablert kanalar for omsetning av grovfôr både gjennom den nye nettstaden https://www.forformidling.no/  Norsk Landbruksrådgiving og gjennom Felleskjøpet. Ein kan teikne seg på liste for kjøp eller salg av grovfôr eller halm og for leie eller utleige av beite.

Ein del opplever likevel at dei ikkje kjem i kontakt med kjøpar eller selgar. Bondelaga i Trøndelag har difor sett opp lister over kontaktpersonar i sine lokallag der det kan vere halm som kan bergast til fôr. Aktuelle kjøparar kan kome i direkte kontakt med selgar og gjere skriftlege avtalar om halmkjøp.

Vedlagte lister er også sendt til andre fylke. Kornbøndene vil ha avtalar på plass før skuronna startar om ei vekes tid da dei må bestemme om dei skal kutte halmen for nedpløying eller koble frå kuttaren og legge halmen i skår for pressing. Få vågar å ta sjansen på å berge halm utan avtale om salg. 

nlr.no har avtalemalar:  

https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2018/kontrakter/

Har du spørsmål om dette,

kontakt Møre og Romsdal Bondelag

v/ fylkesleiar Oddvar Mikkelsen tlf 41460565

eller organisasjonssjef Arnar Lyche tlf 41418871