Det skriv styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, Hilde Kjersem Kolberg, Fræna, i eit lesarinnlegg som er sendt media, der ho påpeiker at det er svært viktig å satse på velferdsordningane framover for å sikre rekruttering inn i landbruksnæringa.

Her er heile lesarinnlegget:

Bonde og småbarnsmor

1. april 2019 var ein merkedag for meg, for då starta min nye kvardag som bonde på heiltid. Med den følgde nye utfordringar, nye gleder og nye bekymringar.

Som småbarnsmor med born i barnehagen er ein godt kjend med rundar av diverse sjukdomar, og allereie på dag to i min nye jobb var eg heime med ei pjusk vesletaus. Dette var i grunn ikkje noko nytt, men kjensla eg hadde i kroppen var merkbart annleis no enn når eg var heime med sjuke born som arbeidstakar. Då visste eg at løna kom, det var eit nettverk av kollegaer som kunne ta over oppgåvene mine og ein del oppgåver kunne takast via heimekontor.

No er saka ganske annleis. Om eg ikkje kan på jobb, er det anten mannen min eller far min som må trå til. Ja, vi er heldige som er fleire om drifta, men drifta er av eit slikt omfang at den er avhengig av oss alle. Vi har også store økonomiske forpliktelsar pga investeringar som gjer det svært viktig å halde produksjonen oppe på same nivå, både i mengde og kvalitet.

Ved denne anledninga var vesletausa bra igjen etter ein dag, men det satt i gong litt tankar. Kva om ein av borna vert sjuke over ein lengre periode? Kva om eg eller pappaen, eller begge, må vere borte frå drifta i lengre tid? Vert du som bonde sjukemeldt, har du i dei fleste høve rett på tilskot til avløysing ved sjukdom, for å kunne halde drifta i gang medan du er fråverande. Maksgrensa for dette tilskotet er 365 dagar på tre år. Vert eit born sjukt og treng foreldra over ein lengre periode, er tilsvarande maksgrense 20 dagar pr forelder pr år. Kva skal ein gjere etter at desse 20 dagane er gått? Pleiepengane ein kan få frå NAV, dekkjer ikkje nødvendigvis kostnaden med avløysar. Dei som befinn seg i ein slik situasjon, bør sleppe den ekstra belastninga det er å uroe seg om ein har råd til å leige avløysar for å stelle dyra sine og drifte garden.

Eg meiner det er svært viktig å satse på velferdsordningane framover for å sikre rekruttering inn i landbruksnæringa. Fleire satsar stort og har tunge økonomiske forpliktelsar, og då treng vi den tryggleiken som velferdsordningane gjev oss.

Så kjære landbruksminister Olaug, sats på tryggleiken, sats på småbarnsforeldra, sats på rekrutteringa!

Hilde Kjersem Kolberg, styremedlem Møre og Romsdal Bondelag