Tillitsvalde og tilsette i Norges Bondelag har besøkt fleire fylke denne veka for å sjå situasjonen med eigne auge og for å møte bønder som er ramma.

Møre og Romsdal hadde besøk torsdag 11.august. Då kom Bodhild Fjelltveit, 2. nestleiar i Norges Bondelag og Simen Solbakken, assisterande næringspolitisk sjef i sekretariatet. Her fekk dei mellom anna vere med på gardsbesøk hjå Hilde Kjersem Kolberg på Hustad og hjå Inge Martin Karlsvik på Eide. Begge driv med ku, storfe og grasproduksjon og er sterkt ramma av det våte sommarvêret. Situasjonen er kritisk.

NRK Møre og Romsdal var også med på gardsbesøk. Innslag frå kveldssendinga til NRK Møre og Romsdal kan du sjå her.

Før befaringa på Hustad og Eide deltok dei to utsendingane frå Norges Bondelag i eit møte med Ole Wegard Gjøstøl Iversen, gulrotbonde på Smøla, og Audun Skjervøy, jordbærbonde i Valldal. Dette møtet foregjekk på Teams av omsyn til avstand og reisetid. Møtet ga likevel eit godt innblikk i situasjonen og konsekvensane i ulike delar av fylket og i eit breitt spekter av produksjonar.

Gjer inntrykk

- Det gjer sterkt inntrykk å møte fortvila bønder som kjenner på konsekvensane av ein vekstsesong med altfor mykje vatn og låge temperaturar, seier Bodhild Fjelltveit.

- Gulrot-, jordbær- og husdyrbønder i store deler av fylket ser at det blir dårlegare og dårlegare kvalitet på avlinga for kvar dag som går, og det vil få store økonomiske konsekvensar om ein ikkje kjem seg «utpå» jorda og får hausta. Jordbærprodusentar i Valldalen melder om 30 % avlingstap, og på Smøla står 350 daa gulrøtter og 150 daa kålrot i fare for å måtte haustast manuelt.

Viktig å dokumentere tap og skade

Simen Solbakken i næringspolitisk avdeling minner om at det finst ordningar som til ein viss grad kan kompensere for avlingstap og skade.

- Fristen for å søke om tilskudd ved produksjonssvikt er 31.oktober. Men ta kontakt med landbrukskontoret om situasjonen allereie no. Og sørg for god dokumentasjon heile vegen. Ta bilder og før gjerne ei enkel dagbok der du dokumenterer årsakssamanhengar og tiltak du har gjort.

- Og ta fôrprøver for å kartlegge fôrenheter. Dette kan gi grunnlag for tilskudd for å kompensere for dårleg fôrkvalitet med kjøp av fôr eller kraftfôr.

Les mer om dokumentasjon og tilskudd her.

Tilskudd ved produksjonssvikt (lenke til skjema)