Konferansen viste at løysingar finst – men òg at det er økonomiske og praktiske barrierar som må overvinnast.

Stor interesse

Landbrukspolitikk og matberedskap engasjerer. Interessa for Landbrukskonferansen var stor, med 170 påmelde til dei 150 plassane som var tilgjengelege. Arrangørane klarte å få plass til alle som hadde meldt seg på, det var likevel venteliste. Dei som fekk plass i salen i Molde, fekk oppleve eit innhaldsrikt program med innsiktsfulle innlegg om landbruk, matproduksjon og matsikkerheit.

Matberedskap og berekraftig fôr

Statsforvaltar Else-May Botten opna konferansen med ei tydeleg melding om kor viktig det er med matproduksjon i distrikta:

– Der det bur folk, må det også vere ein matberedskap, understreka ho.

Eit hovudtema i årets konferanse var berekraftig fôrproduksjon og korleis ein kan sikre betre tilgang til fôrressursar. Nils Vagstad frå NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) la fram synspunkt ut frå sin ståstad som leiar for den regjeringsoppnemnde styringsgruppa som arbeider med samfunnsoppdraget om berekraftig fôr. Målet er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder innan 2034.

Margareth Øverland frå NMBU (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet) presenterte resultat frå forskingsprosjektet Foods of Norway.

Ekspertane viste at norsk fôrproduksjon kan aukast, men samtidig at økonomiske og teknologiske hinder må løysast.

– Der det bur folk, må det også vere ein matberedskap.

Else-May Botten, statsforvaltar i Møre og Romsdal

Blågrønt samarbeid – ein del av løysinga

Eit anna viktig tema på konferansen var korleis landbruket og den blå næringa kan samarbeide om nye fôringrediensar og produksjonslinjer. Ingjar Skarvøy frå oppdrettsselskapet Salmon Evolution synte korleis sirkulærøkonomi kan skape samspel mellom havbruk og landbruk, der blant anna slam frå fiskeoppdrett kan nyttast til både bioenergi og til gjødsel i landbruksproduksjon.

Inspirasjonsbonde Ivar Børge Seljeset frå Hornindal heldt ei engasjerande innleiing om korleis dei i gardsdrifta utnyttar ressursgrunnlaget på garden, og om planane for eit eige gardsanlegg for biogass for å hente energi frå husdyrgjødsla.

Landbruk, samfunn og helse

I tillegg til matproduksjon og beredskap vart også landbruket si betydning for samfunn og helse løfta fram. Inspirasjonsbonde Tove Ørsund delte sterke erfaringar knytte til psykisk helse i landbruket.

Birger Svihus frå NMBU utfordra etablerte kosthaldsråd ved å setje spørsmålsteikn ved korleis dei samsvarer med berekrafts- og beredskapsomsyn.

Løysingane finst

Konferansen vart avrunda med eit politisk panel der alle stortingspartia var representerte. Forfattar og samfunnsdebattant Svenn Arne Lie sette tonen med ei engasjerande og tidvis provoserande innleiing om korleis berekraftig matproduksjon bør setjast på dagsorden i valkampen fram mot 2025.

Landbrukskonferansen 2025 viste at det finst løysingar for styrkt sjølvforsyning og berekraftig matproduksjon i Noreg. Samtidig er det utfordringar knytt til økonomi og infrastruktur som må løysast for å sikre ei framtidsretta utvikling. Både landbruket og havbruksnæringa må spele på lag for å skape meir berekraftige løysingar for norsk matproduksjon.

Konferansen samla brei deltaking frå fagmiljø, næringsliv og politikarar, og viste at interessa for norsk matsikkerheit er stor.

Landbrukskonferansen blir arrangert i samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag og Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag.