Vegard Smenes på talerstolen under Bondelagets årsmøte på Lillehammer.Kravet om lausdrift i melkeproduksjonen vart teke opp i mange innlegg i generaldebatten på årsmøtet på Lillehammer onsdag. Alle påpeika at det handlar om framtida til små og mellomstore mjølkebruk

Årsmøteutsending frå Møre og Romsdal Bondelag, Vegard Smenes, Averøy, overleverte etter sitt innlegg om saka skrifteleg forslag til styret i Norges Bondelag om at det vert oppretta eit forskingsprosjekt som samanliknar lausdriftsfjøs med båsfjøs med tanke på dyrevelferden.

Ekstraordinære løyvingar

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag, Inge Martin Karlsvik, er ein av ni fylkesleiarar som i brev til Norges Bondelag ber styret inngå drøftingar med Regjeringa med sikte på å kunne få til ekstraordinære løysingar som kan sikre fornyingstakta i mjølkeproduksjonen fram mot kravet om lausdrift.

Innspelet frå dei ni fylkesleiarane vart drøfta og fekk tilslutning på styremøtet i Møre og Romsdal Bondelag 1. juni.

Brevet om ”Trong for fornying og investeringsverkemidlar i mjølkeproduksjonen” vart fronta av fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. Han sa lausdriftkravet i mjølkeproduksjonen gjev store utfordringar for å kunne oppretthalde mjølkeproduksjonen i distrikta.

- Vi vil uttrykke sterk uro for at mindre og mellomstore mjølkebruk kjem dårleg ut av årets oppgjer samstundes som fjorårets oppgjer også var svært dårleg for desse driftseiningane. Når vi samstundes ser ein manglande vilje til å betre investeringsverkemidlane i ein grad som monnar, vil det verte svært vanskeleg å kunne oppretthalde volumet i mjølkeproduksjonen i distrikta på sikt, sa Felde 

Når produsentane over år opplever manglande gevinst i jordbruksoppgjeret fryktar vi dette vil svekke investeringslysta og med det ein tiltrengt fornying av driftsapparatet på dei bruka som i dag produserer omlag 50 % av mjølka.  Dette er dei bruka som produserer mjølk på bås, sa han og overleverte oppfordringa på vegne av dei ni fylkesleiarane til styret i Norges Bondelag.

Brevet er underteikna av fylkesleiarane Anders Felde (Sogn og Fjordane), Inge Martin Karlsvik (Møre og Romsdal), Lars Morten Rosmo, ( Sør-Trøndelag), Asbjørn Helland (Nord-Trøndelag), Frøydis Haugen (Hordaland), Ola Andreas Byrkjedal (Rogaland), Tor Erik Leland (Vest-Agder), Erik Fløystad (Aust-Agder) og Aslak Snarteland (Telemark).

For å kunne lukkast med overgangen frå båsfjøs til lausdrift for mange av desse bruka meiner fylkesleiarane følgjande vil vere avgjerande:

- Det må kome ekstraordinære løyvingar via statsbudsjettet som sikrar ein vesentleg auke i potten til investeringsmidlar over ein lenger tidsperiode (vi snakkar sannsynlegvis om 100-200 mill ekstra pr år)

- Gjeldsnivået etter investering må vere lågt. Det betyr at dagens investeringsordningar må gje betre utteljing for det einskilde prosjektet

- Fylka må ha fridom til å fastsetje ordningar som kan sikre fornying i sitt område

Fylkeslaga ser på denne saka som så viktig at vi vil oppmode Norges Bondelag om å setje ned eit hurtigarbeidande utval der både sentralleddet og fylkesleddet er representert. Målet må vere å kome fram til løysingar som gjer det mogleg også å investere i lausdrift med storleikar 150.000 til 300.000 liter mjølk etter utbygging.

Her kan du lese brevet i PDF frå fylkesleiarane som vart levert til styret i Norges Bondelag - klikk her