75 år med Møre og Romsdal Bondelag
I 2022 er det 75 år sidan skipingsmøtet av Møre og Romsdal fylkeslag av Norges Bondelag vart halde i Molde - 26. februar 1947. Her er eit hefte på 40 sider der det er samla namn, tillitsvalde, bileter og diverse fakta om fylkeslaget gjennom 75 år.
I heftet er det oversikt over alle fylkesleiarar, nestleiarar og tilsette gjennom 75 år. Likeså alle fylkesstyremedlemmer sidan 1947, og presentert med bileter frå og med 1989. Tre tidlegare organisasjonssjefar skriv om sin periode dei leia fylkeskontoret.
Her er 75-årsheftet til Møre og Romsdal Bondelag – klikk her
I stolpen/boksen til høgre (relaterte filer) har vi også lagt ut andre bileter som fylkeslaget har i sitt arkiv:
- Familie- og gruppebileter frå arrangement og aktivitetar sidan 1991
- Utsendingar frå Møre og Romsdal Bondelag til årsmøta i Norges Bondelag sidan 1983
- Deltakarar på dei årlege møta om uttale til jordbruksforhandlingane 2002-2021