UTSATT temadag eigarskifte
(12.03.2020) Temadag eigarskifte laurdag 28. mars er utsatt til situasjonen med koronaviruset normaliserer seg og vi kan gjennomføre møter igjen. Mest sannsynlig blir det ny temadag eigarskifte ein laurdag i september/oktober, men dato blir ikkje fastsett før i midten av august.
NB - UTSATT
Nærmar det seg eigarskifte på garden? Då er temadag om eigarskifte i landbruket laurdag 28. mars 2020 kl 10.30 – 17.00 på Hotell Alexandra i Molde eit nyttig kurs å delta på.
Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket.
Advokat Ole Houlder Rødstøl er ansvarleg for det faglege innhaldet.
Advokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) er i det daglege partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag i Møre og Romsdal, og arbeider i hovudsak med generasjonsskifte, skatt, odelsrett og rettslege spørsmål knytt til fast eigedom.
- Familiære og økonomiske utfordringar ved eigarskifte
- Arve- og formuesreglar for sambuarar og ektemakar
- Skatte og avgiftsmessige tilhøve. Organisering av verksemda.
- Odels- og konsesjonsreglar
Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.
Tid: Laurdag 28. mars 2020 kl 10.30 – 17.00
Stad: Scandic Hotell Alexandra, Molde
Deltakaravgift kr 490,- som inkluderer lunsj på hotellet. Betaling direkte til hotellet i løpet av temadagen.
Påmelding innan onsdag 18. mars til: Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 99 72 63 99 E-post: more.romsdal@bondelaget.no