Bondelagets samarbeidsadvokat Ole Houlder Rødstøl sto ansvarleg for det faglege innhaldet. Denne gongen hadde han og med advokatane Idun Krøvel og Roberto Bjøringsøy, som arbeider ved advokatfirmaet Øverbø Gjørtz sine kontor i henhaldsvis Molde og Ørsta.

Ole Houlder Rødstøl er partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz i Molde og samarbeidsadvokat for Møre og Romsdal Bondelag. Han har særlege arbeidsområde knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt. Han har sjølv drive eigen gard med dyr i Molde.

Temadagen hadde ikkje som formål å setje deltakarane i stand til å gjennomføre eit eigarskifte på eiga hand med utfylling av alle skjema. Derimot var det fokus på regelverk for planlegging og gjennomføring av eigarskifte, og kva ein bør vere merksam på av økonomiske og menneskeleg omsyn. Familiane må vere flinke til å samtale framfor eit eigarskifte. Rødstøl påpeikte at eit eigarskifte ofte er eit «skifte» i levande live, og då er kommunikasjon det viktigaste.

Målgruppe for temadagen var alle som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess. Sjølve prosessen kan ta lang tid og det er viktig å inkludere og involvere alle berørte partar, unge og eldre generasjon. Frå mange familiar var begge generasjonane tilstade.