Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket.

Advokat Ole Houlder Rødstøl er ansvarleg for det faglege innhaldet.

Advokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) er i det daglege partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag i Møre og Romsdal, og arbeider i hovudsak med generasjonsskifte, skatt, odelsrett og rettslege spørsmål knytt til fast eigedom.

Det blir fokus på:

  • Familiære og økonomiske utfordringar ved eigarskifte
  • Arve- og formuesreglar for sambuarar og ektemakar
  • Skatte og avgiftsmessige tilhøve. Organisering av verksemda.
  • Odels- og konsesjonsreglar

Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.

Tid: Laurdag 28. mars 2020 kl 10.30 – 17.00

Stad: Scandic Hotell Alexandra, Molde

Deltakaravgift kr 490,-  som inkluderer lunsj på hotellet. Betaling direkte til hotellet i løpet av temadagen.

Påmelding innan onsdag 18. mars til: Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 99 72 63 99  E-post: more.romsdal@bondelaget.no

 

INVITASJON I PFD - KLIKK HER