Bondelaget, Nortura, Tine, Felleskjøpet og Fylkesmannen inviterer til ny Samling for unge bønder, denne gongen til Smøla - den karakteristiske øya i havgapet med godt landbruksmiljø som har lova å ta godt imot oss!

Målet med samlinga er å bygge nettverk både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa, i kombinasjon med formidling av nyttig kunnskap om næringa og det å vera bonde.

Det blir felles buss frå Molde - mulighet for påstigning undervegs.

Kostnader:

Deltaking er gratis om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen.

PÅMELDING: Med opplysningar om namn, e-postadresse og mobilnr innan SNARASTBondelaget, Nortura, Tine, Felleskjøpet og Fylkesmannen inviterer til ny Samling for unge bønder, denne gongen på Smøla fredag til more.romsdal@bondelaget.no  eller tlf 99 72 63 99.  Meld frå om stad for påstigning ved påmelding.

Utdrag av innhald og gjennomføring:

  • Deltakarar frå Sunnmøre: ferje Vestnes kl 10.30.
  • Felles buss frå Molde ferjekai.
  • Kl 11.15: Åpent hus og lunsj Felleskjøpet Molde.
  • Reiserute t/r: Molde-Krifast-Tustna-Smøla.
  • Orienteringar undervegs på bussen.
  • Overnatting Smøla Havfiskesenter.
  • «Frå solceller på fjøstaket til drøfting av markedssituasjonen rundt styrebordet» v/Olav Håkon Ulfsnes, mjølkebonde i Aure, konsernstyremedlem i Nortura og tidlegare styreleiar i Nordmøre og Romsdal Felleskjøp. Han fortel om bakgrunnen for sitt engasjement i landbruksorganisasjonar og om drifta av garden.
  • Orientering om rådgjevingstilbud, m.a. bygningsplanlegging, v/Kristian Messel-Williamsen, Nortura.
  • Gardsbesøk Ole Wegard Iversen (Kjøtproduksjon, nytt fjøs etter at driftsbygning brann).
  • Gardsbesøk hos Elisabeth og Bjørn Sørli (Nytt sauefjøs for norsk dalasau)
  • Besøk på Myrmusèet og Smøla Produksjonslag/Smølagulrot.
  • Retur med buss. Ferje frå Molde til Vestnes laurdag 9. februar kl 15.45.

Detaljert og oppdatert program i PDF - klikk her

Bileter og omtale frå samlinga på Indre Sunnmøre i februar 2018 - klikk her