Foredrag av Dag Jørund Lønning om Jordboka
Velkommen til foredrag med Dag Jørund Lønning på Romsdal videregående skole i Molde onsdag 20. februar kl 18.30.
Foredrag med Dag Jørund Lønning 20. februar på Romsdal vidaregåande skole. Under føtene våre finst eit univers av liv så rikt og komplekst at det sprenger rammene for det me er i stand til å fatta. Det er eit univers me kan uhyre lite om, og som me i liten grad har interessert oss for. Men det er heilt avgjerande for vår menneskelege eksistens.
Det vesle me veit peikar mot følgjande:
Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid for planeten vår er ikkje verken ny teknologi, klimakvotehandel eller internasjonalt diplomati.
Nøkkelen finst i varmannsens hage. Me trør på den dagleg.
Nøkkelen er mold.
Vil du vite meir om dette kan du ta en tur til Romsdal vgs. 20. februar der Dag Jørund Lønning held foredrag om Jordboka.
Tid: kl. 18.30 Merk tidspunktet!
Sted: Romsdal videregående skole
Pris: 100kr/ medlemmer 1/2 pris
Gratis bevertning, loddsalg, sosialt samver
Molde og Omegn Hagelag er arrangør. Møre og Romsdal Bondelag er medarrangør.