Møt modellbonden Catherine Mvula

  • Tips en venn om denne siden

Catherine Mvula

Catherine vart fødd i 1968 og bur i landsbyen Baula i Rumphi, nord i Malawi. Ho er gift med landsbysjefen, ein tidlegare snikkar i Arbeidsdepartementet. Mannen hennar hjelper til på garden, og tek i tillegg strøjobbar som gir rund 1500 kwacha (ca 22 kr) månaden i ekstrainntekt.

Catherine og mannen har sju born. I tillegg tek dei seg av svigerbrorens tre born. Av desse ti borna er ein på college, to droppa ut av ungdomsskulen i 2006 og 2007, ei går på internatskule i hovudstaden, to er ferdige med ungdomsskulen og resten går på barneskulen. – Dei som droppa ut av skulen gjorde det fordi dei mangla ressursar til å bli guida gjennom ungdomsskulen, og gifta seg for tidleg, seier Cathrine.

Catherine er ein modellbonde med fem følgjarar, tre av desse er kvinner. – Opprinneleg hadde eg tolv følgjebønder, men fire gav seg og tre vart plukka ut til å vere modellbønder i 2012. – Det er mange modellbønder i område, ikkje berre under vårt program, men også tilknytte andre organisasjonar, seier Catherine.

Før 2008 hausta ho 40 50-kilos-sekkar, til saman rundt 2000 kg. Det var knapt nok til å brødfø familien, for ikkje å snakke om sal for å dekke grunnleggande behov for pengar til hushaldningsutgifter og utdanning for borna. Ho vart fyrst introdusert for berekraftige dyrkingsmetodar av Sasakawa Global i 2000 på eit 100 m2 stort landområde. I 2006 dyrka ho opp 0,6 hektar ved hjelp av berekraftige dyrkingsmetodar. Ho merka at avlingane vaks for kvart år – men veksten i avlingar var likevel ikkje nok til å brødfø familien.

Fyrst i 2009 fekk ho endeleg hausta nok mais til å brødfø heile familien gjennom året. Sidan den gongen har ho hausta meir enn 80 sekkar frå det same jordstykket. – Dei to borna mine som droppa ut av skulen ville aldri ha gjort det viss situasjonen hadde vore slik då, seier Catherine med eit trist drag over fjeset.

2012/2013-sesongen var dårleg pga tørke. Då hausta ho berre 49 sekkar frå jordlappen sin. Gjennomsnittsavlinga for gardane i landsbyen var på berre 20 sekker. I år har ho dyrka mais på eit dobbelt så stort område. Ho har også sett av ca 4 mål til forsøksfelt, der ho vil vise effektane av tre ulike plantingsgroper og bruk av bruk av planteavfall som gjødsel.

Ved hjelp av dei nye teknologiane ho har teke i bruk, har ho frigjort arbeidstid og auka produktiviteten. Difor kan ho no bruke meir tid på å dyre andre vekstar. Ho og mannen har byrja å dyrke soyabønner på ca 4 mål i 2012/2013-sesongen. Dette selde dei for ca 500 kr. Dei dyrka også ca 4 mål med jordnøtter og ca 2 mål med poteter.

Catherine er svært aktiv i lokalsamfunnet. Ho dyrkar fram skogplantar og `blågummi´-tre som dei sel. I fjor tente dei ca 430 kr på dette. På den måten har dei også lett tilgang på ved og byggemateriale som mannen kan bruke for å spe på inntekta med snikkarjobbar.Catherine og familien

Sidan 2001 har også delteke i ei frivillig gruppe som tek seg av foreldrelause i landsbyen. Gruppa fekk ein hage der dei dyrkar mais og bønner for å gi til dei foreldrelause borna. Dei tek imot gåver som dei kan kjøpe såpe, salt, sukker og andre basisvarer for, så desse born kan leve eit mest mogleg normalt liv. – Eg åleine passar på 50 foreldrelause frå min landsby, seier Catherine. – Før kunne eg ikkje gjere mykje for dei. Eg hadde meir enn nok med å brødfø min eigen familie som vanlegvis var tom for mat lenge før året var omme, fortel Catherine. Talet på foreldrelause som ho har ansvar for har gått ned frå 80. No seier ho stolt at det ikkje lenger er eit problem å ta seg av desse borna, sidan ho har eit overskot kvart år å ta av. – Eg treng ikkje vente på bidraget frå gruppa for å få endane til å møtast for desse borna no, forklarer Catherine.

Ho er også styreleiar for modellbonde-komiteen i området, og medlem i Matunkha utviklingskomité som overvakar utviklingsprosjekt i området. Ho er også hjelpeprest i den lokale pinsekyrkja. – Når eg ikkje treng å pløye på garden, blir eg meir dynamisk, seier Catherine. – Eg har også nok mat for meg og familien. Det gir meg fridom til å dyrke andre interesser, seier Catherine.

Utviklingsfondet i Malawi støttar Rumphi matsikkerheitsprosjekt. Prosjektet blir drive av Find Your Feet i Rumphi. Dei har også andre prosjekt i nord og sentrale område av Malawi. Dette gjer at personar som Catherine kan ha enkel tilgang på trening og rådgjeving for berekraftige dyrkingsmetodar. Modellbønder fører så kunnskapen vidare til andre landsbybuarar.

Ved å støtte Malawiprosjektet - bønder støtter bønder kan du gi fleire bondefamilier i Malawi mulighet til opplæring og ein bedre kvardag. Les mer om støttemuligheter og Malawiprosjektet Bønder støtter bønder

Rissa Bondelag på stand under matfestival

Til Malawi for å hjelpe andre bønder

Bondelagslederen i Rissa, Petter Harald Kimo, har blitt valgt ut til en delegasjon som på nyåret reiser til Malawi for å følge utviklingen i Bondelagets bistandsarbeid.

Bilde av noen av medlemmene i en "farmers club"

Sårbare alene - sterkere sammen

Norges Bondelag støtter Utviklingsfondets arbeid blant fattige bønder i Malawi. Klimaendringene fører til store svingninger i avlingene – tørke eller flom gir lave avlinger og lite å selge, selv om prisen er god. Normalår fører til gode avlinger – men da faller prisene.

Mapopa Chiarambo

Mapopa trosser klimaendringene

Mapopa Chiarambo er 43 år, han har kone og tre barn. Han er etter hvert blitt en foregangsbonde i sitt distrikt i Rhumpi, Malawi. Det startet med at han ble følgebonde og fikk opplæring i nye og bærekraftige dyrkingsmetoder.

Gi gavekort

Gi en gave til Malawi

Du kan gi en symbolsk gave til den som ”har alt” eller ønsk deg selv en symbolsk gave.

Prisca Anderson

Bli bedre kjent med Prisca i Malawi

I juni 2014 kom den første rapporten om Prisca Anderson, en av våre modellbønder i Malawi. Nå har vi fått en oppdatering om Priscas arbeid. I februar vil en gruppe fra Norges Bondelag besøke Prisca og andre modellbønder.

Prisca Anderson - modellbonde i Malawi

Prisca Anderson er modellbonde i Malawi, i Utviklingsfondets prosjekt som blir støtta av Norges Bondelag. Vi skal følgje Prisca og familien hennar i fleire artiklar framover.

Dette skjer i Norges Bondelag

Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Tirsdag
10
desember

Styremøte

Landbrukets hus
Onsdag
11
desember

Styremøte i BS (telefonstyremøte)

Landbrukets hus

Våre samarbeidspartnere