Norges Bondelag søker rådgjevar/seniorrådgjevar til Vestland
Nå søker vi etter ein positiv, kreativ og samfunnsengasjert rådgjevar i 100 % fast stilling og kan tilby varierte arbeidsoppgåver.
Vestland er eit stort landbruksfylke kjenneteikna av ein variert topografi og bruksstruktur. Grovforbasert husdyrhald med aktivt beitebruk pregar jordbruket. Saman med dei kraftforbaserte husdyrproduksjonane og ein vesentleg produksjon av frukt, bær, potet og grønsaker gjer dette Vestland viktig for Norge sin samla matproduksjon og beredskap. Landbruksnæringa legg grunnlaget for ein variert og viktig næringsmiddelindustri, med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Landbruket er ein viktig del av Vestland sitt grøne næringsliv, og Vestland Bondelag har ei nøkkelrolle i å ivareta vestlandsbonden sine interesser.
Vestland Bondelag har om lag 7000 medlemmer, 71 lokallag og eit offensivt fylkesstyre. Vi er til samen fem fast tilsette og har kontor i Bergen og Førde.
Nå søker vi etter ein positiv, kreativ og samfunnsengasjert rådgjevar i 100 % fast stilling og kan tilby varierte arbeidsoppgåver innan følgande hovudarbeidsområde:
- Organisasjonsarbeid og bistand til medlemmer og tillitsvalte
- Landbrukspolitikk
- Fagleg arbeid som f.eks. arealforvaltning, jordvern, berekraft, klima og miljø
Vi søker etter ein person med:
- God kjennskap til landbruket og/eller offentleg forvaltning
- God formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå organisasjonsarbeid
- Evne til å samarbeide i team, jobbe sjølvstendig og allsidig
Søker bør ha høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring og godt nettverk, vert vektlagt. Arbeidsoppgåver kan tilpassast kompetanse og interessefelt.
Vi tilbyr trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, litt reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn.
For meir informasjon om stillinga kontakt organisasjonssjef Lars Peter Taule, mobil: 908 58 555 eller personalsjef Catharina Andersen telefon 905 15 152.
Søknad om stillinga med CV sendes innan 20. oktober 2024 til Norges Bondelag: stilling@bondelaget.no