Landbruket i Rogaland

  • Tips en venn om denne siden

Rogaland er det fremste landbruksfylket i landet. Gode klimatiske forhold, eit aktivt fagmiljø og lange tradisjonar er grunnar for det. I fylket er det 5.300 gardsbruk. Hovudproduksjonane er mjølk og kjøttproduksjon på storfe, gris og sau. I tillegg har vi og ein vesentleg produksjon innan fjørfehaldet og grønsakproduksjonen.

Jordbruksarealet er ca 1.000.000 dekar der omlag halvdelen vert nytta til grasproduksjon for hausting og vel 400.000 dekar er innmarksbeite. Ca 25.000 dekar vert nytta til grønsakproduksjon på friland og til potet. Vel 40.000 dekar vert nytta vesentleg til korn, men og noko oljevekster.

Dyrehaldet fordeler seg slik:

  • Mjølkekyr 49.000
  • Slaktegriser 323.000
  • Vinterfora sau 205.000
  • Verpehøns 975.000
  • Slaktekylling 17.000.000


Rogaland har ca 9,7 % av jordbruksarealet i landet. Produksjonen innan dyrehaldet er derimot forholdsvis større - frå ca18 % til 24% og 30 % (mjølk/slaktekylling/egg) av totalproduksjonen i landet – gjennomsnittleg ca 20 %. Innan planteproduksjon varierer produksjonen frå 6 % til 80 %, av landets produksjon. Vi produserer 30 % av agurkene, 6 % potetene og 80 % av tomatene. Fylket har derimot liten kornproduksjon – berre vel 1 %. Rundt 55 % av den totale jordbruksproduksjonen i fylket vert utført i dei 8 Jærkommunane. Resten er nokolunde likt fordelt mellom dei andre regionane i fylket med ca 15 % i Ryfylke og i Nord-Rogaland og omlag 11 % i Dalane.

Snautt 10.000 årsverk er direkte knytta til primærproduksjonen innan landbruket i fylket. Dette legg grunnlag for ein verdiskapinga på 2,5 – 3 mrd. I tillegg kjem verdiskapinga i tilknytta industriverksemder som meieri, slakteri og liknande på ca 14 mrd. Med grunnlag i dette er landbruket i fylket den største næringsgreina etter olja og legg grunnlag for spreidd busetnad og aktivitet i heile fylket.

Rogaland er eit Norge i miniatyr. Innan turistnæringa, som er veksande, er det viktig å ha eit levande landbruk i heile fylket. Det er berre eit aktivt landbruk som kan hindre gjengroing og som held kulturlandskapet opent og fint. Mange fine turopplevingar får folk ut i skog og mark.

Matfylket Rogaland er eit merkevare. Det inneber at det er brei politisk vilje til at det skal satsast på mat i Rogaland, både frå land og sjø. Det vert bygt opp nettverk mellom produsentar, foredlingsindustri, forsking, marknadsføring og fleire for å auka verdiskapinga. Rogaland Bondelag er aktivt med på fleire måtar i denne samanhengen. Større bevisstgjering av mat som eit råstoff til innovasjon er viktig og det er det tradisjonelle landbruket som legg grunnlaget for nye arbeidsplassar innan vidareforedlinga. Med grunnlag i dette er det den enkelte bonde som legg grunnlaget for satsinga innan matproduksjonen i fylket.

Om lag 10 % av arealet i Rogaland er dyrka eller dyrkbar jord. Rundt dei fleste tettstadene i fylket er andelen dyrka eller dyrkbar jord mykje høgare. Jorda er grunnlaget for heile matproduksjonen og difor må denne ikkje fornybare ressursen, forvaltast med respekt etter Rogaland Bondelag si klare vurdering. Fylkesdelplanen for langsiktig byutvikling på Jæren er såleis eit viktig styringsreiskap ang. jordvernspørsmålet i fylket og må følgjast opp.

Våre samarbeidspartnere