Temadag Eigarskifte i Ørsta
Vi tek framleis imot påmeldingar: Nærmar det seg eigarskifte på garden? Då er temadag om eigarskifte i landbruket laurdag 16. mars 2019 kl 10.30 – 17.00 på Hotell Ivar Aasen i Ørsta eit nyttig kurs å delta på.
Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at M&R Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket.
Advokat Ole Houlder Rødstøl er ansvarleg for det faglege innhaldet. Denne gongen har han og med advokatane Idun Krøvel og Roberto Bjøringsøy.
Advokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) er i det daglege partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag, med særlege arbeidsområder knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt.
Det blir fokus på:
- Planlegging av eigarskifte – regelverk.
- Gjennomføring av eigarskifte – regelverk.
- Kva partane kan gjere på eiga hand og kva det bør søkjast hjelp til for å unngå gjera feil, m.v.
Tid: Laurdag 16. mars 2019 kl 10.30 – 17.00
Stad: Hotell Ivar Aasen, Ørsta
Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.
Deltakaravgift kr 525,- som inkluderer lunsj på hotellet. Betaling direkte til hotellet i løpet av temadagen.
Påmelding innan torsdag 7. mars til:
Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 99 72 63 99
E-post: more.romsdal@bondelaget.no